6 tips for å halda bunadsveska fin over tid

Er du ein av dei som har bunadsveske på ynskjelista? Eller kanskje er du så heldig at du allereie har ei som høyrer bunaden til? Her får du iallfall nokre gode tips til korleis du tek vare på den slik at ho held seg fin over tid.

For bunadsstas og veska du brukar dagleg er kanskje vanskeleg å kombinera, og om du ikkje har ei lomme i stakken så kan det vera ei utfordring å få med seg mobil, pengar og nøklar når du skal av garde. Då er det veldig praktisk med ei bunadsveske om bunaden din kan ha ei.

Etter kvart som den europeiske moten spreidde seg frå kontinentet og vidare nordover på 1600-1700-talet, vart lauslomma, som den også vert kalla, ein del av drakt-tilbehøret her til lands. Innhaldet i lauslomma kunne vera så mangt. Bestikk for eksempel. Særleg ved gjestebod som barnedåp, bryllup og gravferd hadde gjestene med seg eige bestikk. Skulle dei til kyrkja hadde dei med seg offerpengar og luktevannshus. Aagot Noss (2005) refererer frå informantar at ein i  kvardagen hadde smågodt oppi, og ved kyrkjeferd var det gjerne brennevinsflaska som fekk plass!

I dag er det vel helst andre ting som får plass inni lauslomma. Det er ikkje mangt den kan romma, men essensielle småting som mobil, nøklar og pengar går fint oppi. Og kanskje ein liten sjokolade for å halda blodsukkeret oppe medan ein ser på barnetoget på 17. mai!

Veskelåsane frå Sylvsmidja vert laga i sølv, sølvplett eller messing. Overflata er anten oksidert, kvitt, forgylt eller gamalforgylt, og alle er nydeleg dekorerte med utsøkte og detaljerte motiv.

- Dei som vil ha det mest eksklusive kjøper veskelås i sølv. Sølvplett er eit rimelegare alternativ, seier gullsmed Trond Johansen i Sylvsmidja. Me har også veskelås i messing som mellom anna vert brukt i Oppdal og Sunnmøre.

- Dei som ynskjer det mest eksklusive kjøper veskelås i sølv.

Trond Johansen, gullsmed i Sylvsmidja

Skal du ha lauslomme til bunaden?

Om du tenkjer på å skaffa deg ei lauslomme til bunaden, kan du finna ein veskelås som passar her. Nokre har same mønster og dekor som bunaden den er tiltenkt til. Nordlandsbunaden for eksempel, har ein tilhøyrande veskelås i sølvplett med gravert blomstermotiv som du finn att på bunaden. Det same har Rogaland. Her kan du velja mellom tre ulike typar sølv, og på den graverte typen kan du velja mellom veskelås i eksklusivt sølv og sølvplett der begge har gravert dekor som harmonerer med broderiet på bunaden.

Til andre bunader som ikkje har ein særskilt veskelås, finst det variantar med nydelege, tradisjonsrike dekor. Denne er den mest populære.

Veskelås frå Sylvsmidja
Frå venstre: Veskelås i sølvplett til Nordlandsbunad, veskelås i sølv til Rogalandsbunad, veskelås i sølvplett med tradisjonell dekor som passar til fleire ulike bunader.

 

6 tips du treng for å halda bunadsveska fin

Harald Horvei, reparatør i Sylvsmidja kjem med nokre tips for å halda veska og veskelåsen finast mogleg over tid:

1. Pass på at veskelåsen ikkje er i kontakt med garn eller tekstil som inneheld svovel. Svovel bidrar nemleg til at sølvet oksiderer.

2. Ikkje ver for hardhendt slik at noko blir øydelagt når du skal opna veska. Veskelåsen er eit smykke i seg sjølv og bør behandlast forsiktig.

3. Ikkje ha for mykje ting oppi slik at det blir for tungt. I verste fall kan veska verta øydelagt, eller veskestølen som den er festa til, kan få for stor belastning.

4. Bruk gjerne ei sikringslenkje for å unngå at du mistar veska.

Sikringslenke til bunadsveske

5. Puss lett over med pusseklut før du legg den vekk etter bruk.

6. Oppbevar den tettast mogleg, f.eks. i syrefri plastpose.