Den mystiske jonsoknatta

Nordmenn flest tenkjer på jonsokaftan eller Sankthansaftan som ei markering på midtsommar, med grilling og godt selskap.

Det magiske bålet

Meir enn noko anna er det bålbrenninga som kjenneteiknar feiringa 23. juni. Denne tradisjonen stammar frå førkristen tid der myter og overtru spelte ei stor rolle i livet til menneska.

Midtsommarnatta var nemleg magisk. Bålet skulle verna menneske og dyr mot vonde makter, og halda heksene, som var ekstra aktive denne natta, på avstand.

 

Vekkja opp åkeren

I følgje overtru var krafta i naturen spesiell sterk midtsommars. For å dra nytte av den gjekk husmødrene ut i åkeren før jonsok-kvelden for å plukka strå og dei finaste markblomane som dei fletta saman til ein vakker krans. Medan dei gjekk rundt i åker og eng nynna dei eit vers som skulle «vekkja opp åkeren».

«Væk op, væk op baade Aaker og Eng,
Aa no ha du Sove saa længje i Seng,
Aa no ha der vori baade Snov aa Regn,
Aa no e Jonsoknotto kommo».

 

Draumen om ektemannen

Ungjentene var meir opptatt av medisinske urter og blomar som hadde ein spesiell verknad når dei vart plukka på jonsokaftan. Dei ville nemleg drøyma søtt om den framtidige ektemannen dersom dei la blomane under puta denne kvelden.

Etter kvart som kristendomen gjorde sin inntog ynskja kyrkja å fordriva den heidenske feiringa. Festen vart difor ei høgtid til minne om døyparen Johannes som seiast å vart fødd omkring seks månader før Jesus, og ein tok til å bruka namnet «Jonsok» frå det norrøne jónsvaka, som tyder «vakenatt for Jon» (forkorting for Johannes).

Det er likevel den folkelege jonsokfeiringa og markeringa av midtsommaren som står sterkast her til lands. Det kristelege aspektet spelar lite eller ingen rolle lenger.

 

Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

Jonsokbryllup

Nokre stader i Norge vart dagen markert med jonsokbryllup, ein midtsommarskikk som kan førast tilbake til 1800-talet. Det er eit særnorsk bygdefenomen, fyrst og fremst på Vestlandet, der barna vart kledd opp i bruredrakt og imiterte eit vaksenbryllup med brudefølgje, spelemann og dans.

Tradisjonen med jonsokbryllup lever den dag i dag, og på Voss var Kari Traa ei av mange som fekk vera jonsokbrur som lita. Som 6-åring gifta ho seg nemleg med naboguten.

- Dei andre jentene i nabolaget hadde allereie gifta seg, og plutseleg var det min tur sjølv om eg ikkje hadde så lyst, fortel Traa.

Eg vart kledd fint opp i festbunad og brurekrune som gjekk i arv blant jentene. Blankt beltespenne og sølje var sjølvsagt på plass. Og tennissokkar!

Treng du stølar til sølvbelte? Dei finn du her.

- Brudgomen var Vidar Skeie, ein nabogut som var eit par år eldre enn meg. Han hadde ikkje så mykje lyst til å gifta seg, han heller. Me begynte å krangla og hamna i slåstkamp. Det gjekk hardt utover bunaden, ler Traa.

Jonsokbryllup på Voss
Kari Traa og naboguten som jonsokbrur og brudgom.

------------

Visste du at…

Jonsok var ein fridag heilt fram til 1770 då den vart avskaffa av kong Christian VII grunna "Festdagsreduksjonen". Religiøse markeringar skulle halverast i kongeriket Danmark-Norge.

Foto: Svein Ulvund / Kari Traa