Kjøpa bunadsølv på nett?

Nettshopping har aldri vore enklare! Me kjenner oss trygge med å handla det meste frå sofakroken heima; Frå sko og klede til møblar og all inclusive sydenturar. Men når det kjem til kjøp av bunadsølv på nett, kan du stola på at det du kjøper er ekte vare, og at du får det trygt heim til deg?

Hos Sylvsmidja er svaret kort og greitt «JA»!

Fordi….

• Når du bestiller bunadsølv på sylvsmidja.no er det vårt ansvar for at det kjem trygt heim til deg.

• Sylvsmidja er eit kjent, norsk kvalitetsmerke innan bunadsølv.

• Sylvsmidja har livstidsgaranti på bunadsølv. Ansvarsmerket vårt, ein J forma som eit drikkehorn, er stempla bak på alle produkta. Dette kvalitetsmerket gir deg livstidsgaranti som seier at dersom bunadsølvet ditt blir skada eller øydelagd på grunn av tilverkingsfeil, så erstattar me dette.

• Alt me lagar er tru mot det ekte og originale, med lokale handverkstradisjonar i botn. Me har eit stort utval og leverer komplett bunadsølv til over 64 bunader og folkedrakter frå heile Norge.

• Bunadsølvet vårt er laga lokalt på Voss av dyktige sølv- og gullsmedar, og det har me gjort i over 75 år.

• Betaling skjer trygt og sikkert med kredittkort (Visa og Mastercard) eller Vipps gjennom betalingsløysinga Netaxept frå NETS. All kredittkortinformasjon vert kryptert og sørger for at ingen uvedkomande får tilgang til informasjonen du oppgir. Beløpet vert reservert når du bestiller, men blir ikkje fysisk trekt frå kontoen din før pakka er klar til sending.

• Dersom du av ein eller annan grunn skulle angra på kjøpet, har du heile 30 dagars returrett.

For deg som heller ynskjer å besøka ein butikk, har me laga ei forhandlarside slik at du enkelt kan finna den næraste. Det gjer du ved å tasta inn stad, postnummer eller fylke. Dyktige fagfolk i butikken kan gje deg god rettleiing om kjøp av bunadsølv.

 

Finn sølv til bunaden sylvsmidja