Konfirmasjonsgaver til jenter

Konfirmasjonane nærmar seg, og medan årets konfirmantar, saman med foreldra, er godt i gong med førebuingane av den store festdagen, er øvrige familie og venner i tenkjeboksen om kva som kan vera den perfekte konfirmasjonsgåva.

Er du ein av dei? Då bør du lesa vidare og få tips til konfirmasjonsgåver som set spor etter seg og skapar minner for livet.

 

Pengepress

Ei undersøking Ipsos MMI gjorde for DNB i 2016 viser at majoriteten av konfirmantane ynskjer seg pengar i gåve. Bognande konvoluttar frå foreldre, besteforeldre og andre på eit pent pynta gåvebord vitnar om nettopp dette. Pengepresset rundt konfirmasjonen er stort. Det er ikkje reint lite pengar konfirmantane får i hendene, og pengesummen er eit heitt tema blant ungdomane etter konfirmasjonsdagen.

 

Gåver som betyr noko

Pengar kan vera fornuftig å gje, men konfirmanten kan fort falla for freistinga til å bruka dei på ting som betyr fint lite i det lange løp. Samtidig kan det også framstå som ei lettvint og upersonleg gåveløysing. Bruk heller tid, og legg litt meir tanke bak gåva. Finn noko personleg og som kan ha ein større betydning enn ein pengesum.

Ei personleg gåve betyr så mykje meir enn prislappen.

Her får du tips til konfirmasjonsgåver som set spor etter seg og som skapar gode minner og opplevingar for livet.

 

Bunad

Mange jenter får bunaden av foreldre eller besteforeldre til konfirmasjonen. Heile eller delar av bunaden er gjerne arva, og er kanskje den gjævaste gåva ein kan gje.

 

 

Øyrepynt

Fine øredobber som passar til bunaden. Utvalet er stort, nokre er laga til ein spesifikk bunad, andre er meir allsidige og passar til fleire ulike bunader. Fleire av øredobbene er også fine å bruka til andre festlege anledningar.

 

Øyrepynt frå Sylvsmidja

 

 

Bunadsring

Sølvring er eit fint tilbehør til bunaden. Ringane er regulerbare, og har tradisjonelle utformingar som speglar seg i anna bunadsølv. Medan nokre av ringane er laga til ein spesifikk bunad, er det også eit stort utval som passar til fleire ulike bunader. Finn det som kan passa, og hugs at ringen kan vera fin å bruka sjølv om bunaden ikkje er på.

Bunadsringar frå Sylvsmidja

 

 

Hårklyper

Nydelege kvalitetshårklyper i sølv laga i samarbeid med Noma Norge. Hårklypene finst i to ulike storleik og held verkeleg håret og frisyren godt på plass. Vel mellom ulike, flotte design som gjer dei godt egna til både fest og kvardags, både med og utan bunad.

Hårklyper frå Sylvsmidja

 

 

 

Beltestølar - Min første støl – namnestøl

Beltestølar til sølvbelte er fine å gje som samlegåve, slik at dei er komplett når konfirmanten ein gong vil skaffa seg eit sølvbelte til bunaden. Det vert ekstra personleg å gje ein «namnestøl» eller «Min første støl» som kan graverast med initialar eller dato.

Beltestølar til sølvbelte frå Sylvsmidja

 

 

Klokke med lenkje

Ei klokke med kjede som kan festast på bunaden eller hengast rundt halsen som eit smykke er ei minnerik og varig gåve med flott symbolikk. For å gjera det endå meir personleg kan ein gravera initialar på loket.

Dameklokke i sølv frå Sylvsmidja

 

 

 

Jakkeskjold/namneskilt

Ovalt jakkeskjold i sølv med filigrandekor. Den kan syast på innsida av bunad eller cape og graverast med namn eller initialar.

Jakkeskjold i sølv frå Sylvsmidja

 

 

 

17. mai sløyfe

17. mai sløyfer med sølvnål er tidlause og varige. Dei kan brukast igjen, år etter år, og er ei flott gåve å gje til ein konfirmant. Det er ulike motiv å velja mellom, både nasjonale og meir distriktsrelaterte motiv.

Veit du forresten på kva side 17. mai sløyfa skal festast?

17. mai sløyfe sølv frå Sylvsmidja

 

 

Smykke - Sporkolleksjonen

Alle jenter elskar å pynta seg med smykker. Smykkekolleksjonen Spor er designa av Anne Lise Tollefsen og har eit tidlaust og leikent uttrykk med spennande element og kontrastar. Norsk design, handverk og kvalitet.

Sporsmykke