Nye måtar å bruke bunadssølvet på

Det er ingen grunn til å la bunadssølvet ligge nedst i skrinet og vente på mai! Bunadssølvet kan brukast til alt: Til og med ”den lille sorte”.

Den litle svarte

Den litle svarte kjolen er eit plagg dei fleste kvinner har variantar av i klesskåpet sitt. Neste gong du tek på ein variant av den ikoniske svarte cocktail-kjolen Coco Chanel ga verda i 1926, kan du style med bunadssølvet ditt. Øyredobbane frå ein kvar bunad er perfekt til dette tidlause antrekket. Skal du etterlikne diamantøyredobbane og ikkje minst stilen til Audrey Hepburn frå kultfilmen ”Breakfast at Tiffany's”, er små plugg-øyredobbar i kvitt sølv perfekt. Vil du ha meir dingel, så tåler den litle svarte sjølvsagt også dei hengande øyredobbene som ein finn til mange av bunadane. Bruk det du har, og alt er lov!

Her finn du øyrepynt til inspirasjon.

Hårfin i bunadssølv

Skal du flette eller sette opp håret, er det naturleg å bruke den aller finaste hårklypa du har, og det er sjølvsagt hårklypa til bunaden. Hugs at du kan kombinere med anna hårpynt eller ein blomsterkrans av enkle markblommar. Fest små barnesøljer i kransen og den dårlege hårdagen forsvinn som dogg for sola. Dei store bunadssøljene kan du óg bruke i håret. Det sikraste er å feste sølja til eit band eller ei hårbøyle. Til ein romantisk, lausfletta frisyre, passar dingelsøljer i nakken. Har du glatt hår, kan ei sølje festa på ei hårbøyle pynte klassiske bobfrisyrar.

Sjå fine hårklyper her! 

Hårklyper til bunaden. Foto: Rune Smistad

Med hjarte på rette staden

Skal du vere gjest i bryllaup, eller sjølv skal gifte deg, men ikkje i bunad, brukar du hjartesølja. Denne sølja er eit symbol på kjærleik. Fest den som ein brosje på hjartesida av kjolen eller jakkeslaget. Er du beden i sølv- eller gullbryllaup, er dette ein fin gest retta mot vertskapet. Hjartesølja er full av gamal symbolikk. Den er forma som eit lite hjarte og har røt til renessansen. Nokre har krone på toppen og symboliserer himmeldronninga jomfru Maria, som er eit gamalt symbol på møydom og reinheit. Andre har duer på toppen, fortolka som den heilage ande eller som to turtelduer. Hjartesølja vart ofte brukt som kjærleiksgåve mellom mann og kvinne og kan difor også brukast på brudekjolen. Bunadssølv har mange symbol og til meir ein veit om bunadssølvet, til enklare er det å velje bunadssølv til ulike høve.

Her er ei vakker hjertesølje du kan bruka.  

Mote og bunadssølv

Thea Roll Rakeng er motejournalist i Min Mote i VG. Ho kjenner ikkje til bruk av bunadssølv på catwalken, men peikar på at store brosjer er ein del av motebilete akkurat no:

– Brosjer, særleg i halsen, vender stadig tilbake i motebilete og hjå motehus som Dries Van Noten, Miu Miu og Sonia Rykiel var brosjene spesielt synleg då dei presenterte sine vår- og sommarkolleksjonar. Felles for brosjene er at dei er store og detaljrike – nett slik bunadssølv kan vere.

Hennar trendråd er å kontrastere antrekket med bunadssølv:

– Ønskjer ein å eksperimentere med bunadssølv til kvardags, vil eg råde til å skape kontrast slik at det ikkje er tvil om at du brukar søljer som ein trend. Det kan til dømes vere til ei skjorte med volangar og ei slitt olabukse med tåklipte bein og frynser, eller til ein stor og lodden ullgenser, kombinert med eit lakkskjørt for å verkeleg skape dynamikk. Så lenge du er komfortabel og føler deg fin, så er det det aller viktigaste.

Prøv bunadssølv til kvardags!

Kvardagssølvet

Til kvardags er det jeans som gjeld for mange. Då skal bunadsringen fram. Har du ein oksidert ring med dingel, får du ein rocka stil. Skinnjakke, boots og oversized genser – og bunadsring!

Her kan du sjå utvalet av bunadsringar! 

Tove Grane i klesmerket WeNorwegians brukar bunadssølv saman med kvardagskleda. Dei satsar på kvalitetsklede med innslag av norske tradisjonsmønster. 

– Vi brukar bunadssølv til våre klede først og fremst fordi eg synest det finst så mykje flott bunadssølv! Dette er vakre smykke som er dekorative og som har affeksjonsverdi i vår norske tradisjon og kultur.

Trøndersølja er her brukt på same måte som ei nål på jakka. Foto: Rune Smistad

WeNorwegians set fokus på berekraft i klesproduksjon og ønskjer å lage plagg som varer lenge.

 – Det er så mykje bunadssølv å velje mellom. Samstundes kan det brukast på så mange ulike måtar. Eg synest at ein kan bruke halssøljer på same måte som ein bruker nåler og brosjer og det same gjeld ringar og øyredobbar. Til herre er det flott å bruke lommeur til dressjakke og halssølje som slipsnål eller på jakka.

Klokker og klokkekjeder finn du her i nettbutikken.