Så mange stølar skal du ha til sølvbeltet

Stadig fleire ynskjer seg sølvbelte til bunaden, men veit du kor mange stølar du treng?

Sølvbelte var gjerne noko ein fekk til bryllaupet, som eit tydeleg symbol på overgangen frå ungjente til ei gift kvinne. Mange kallar det difor for konebelte. I dag er ikkje denne tradisjonen like sterk. Fleire og fleire vel å bruka sølvbelte jamvel om dei ikkje er gifte, og mange får det gjerne som gåve til konfirmasjonen.

I alle tilfelle er beltestølar glimrande gåver som kan gis år etter år, til bursdagar og jul – til beltet er komplett.

Eit sølvbelte består av ei skinnlist eller stofflist, beltestølar, beltespenne og eventuelt borer. Svart skinnlist er den mest brukte, men finst også i andre fargar. På Voss og i Hardanger er det vanleg med stofflist. I tillegg til vanlege beltestølar finst det også veskestøl som du kan hekta bunadsveska på. "Namnestøl" eller "Min første støl" har graveringsfelt med plass til namn, initialar eller dato, noko som tilfører det personlege preget mange ynskjer å ha på beltet. Det finst også knivstøl til dei som har kniv som tilbehør på bunaden.

Beltestølane slik me kjenner dei i dag, var opphaveleg påsyingsbeslag på kleda i middelalderen.

Dei fleste beltestølane er 3 cm breie. Finn dei som høyrer til bunaden din her. I tillegg treng du også beltespenne og eventuelt borer. Snakk med din lokale husflid eller systove dersom du er usikker på om bunaden din kan ha sølvbelte eller ikkje.

Kor mange stølar

Me får ofte spørsmål om kor mange stølar ein treng. Nedanfor viser me bilete av ulike belte som har stølar på 3 cm og beltespenne på 10 cm. Heilt nedst på sida finn du ein måltabell på desse belte-alternativa, og er basert på livvidde. Bruk tabellen som ei rettleiing for å finna ut kor mange stølar du treng. Me anbefaler å måla livvidda utanpå bunaden slik at du får korrekt mål og ikkje risikerer å få eit altfor stramt belte. Eventuelt kan du legga til ca. 2 cm dersom du ikkje har bunaden for hand når du måler.

Dersom livvidda di hamnar mellom to mål i tabellen, vel du den næraste. Mellomrommet vert justert med beltespenne ved montering. Hugs også at eventuelle Namnestøl/Min førstestøl, veskestøl og knivstøl er ein del av antalet.

Det er lurt å måla livvidda utanpå bunaden.

Slik gjer du

1. Finn ut kva belte du skal ha (skinnlist/stofflist, beltespenne og stølar). Om du ikkje finn bilete av beltet ditt nedanfor, kan det vera fordi det brukar eit anna måltabell enn det me viser akkurat her.

2. Mål livvidda utanpå bunaden slik at du får korrekt mål. Eventuelt kan du legga til ca. 2 cm dersom du ikkje har bunaden for hand.

3. Finn livvidda di på tabellen nedst på sida. Dersom den hamnar mellom to mål på tabellen, vel du det næraste. Hugs at eventuelle Namnestøl, Min første støl, veskestøl og/eller knivstøl er inkludert i totalen på antal stølar.

 

NB! Måltabellen nedst på sida gjeld belta som er avbilda ovanfor.

 

Eksempel 1 - Hardanger:Sølvbelte forgylt med raud skinnlist

Skinnlist 540007Beltestøl 091601 | Spenne 013691 | Veskestøl 091646

 

 

Eksempel 2 - Follo:

Sølvbelte Follo

Skinnlist 540010 | Beltestøl 091603 | Spenne 027693 | Veskestøl 091646

 

 

Eksempel 3 - Hardanger vinterbunad, Kvinnherad, Nordhordland vinterbunad, Os, Sogn, Voss vinterbunad:Sølvbelte frå Sylvsmidja

Skinnlist 540001 | Beltestøl 091101 | Spenne 013191 | Veskestøl 091146

 

 

 Eksempel 4 - Numedal, Voss vinterbunad:Sølvbelte frå Sylvsmidja

Skinnlist 540001 | Beltestøl 093101 | Spenne 002196 | Veskestøl 093146

 

 

Eksempel 5 - Dovre, Graffer, Hallingdal, Hardanger vinterbunad, Kvinnherad, Lundeby, Nordhordland vinterbunad, Ringerike, Rondastakk, Sogn, Sunnmøre, Valdres, Voss vinterbunad:

Sølvbelte frå Sylvsmidja

Skinnlist 540001 | Beltestøl 091101 | Spenne 002196 | Veskestøl 091146

 

 

Eksempel 6 - Aust-Agder, Sunnmøre:

Sølvbelte frå Sylvsmidja

Skinnlist 540001 | Beltestøl 091501 | Spenne 002496 | Veskestøl 091446

 

 

STØL 3 CM, SPENNE 10 CM
LIVMÅL STØLAR
66 cm 18
69 cm 19
72 cm 20
75 cm 21
78 cm 22
81 cm 23
84 cm 24
87 cm 25
90 cm 26
93 cm 27
96 cm 28
99 cm 29
102 cm 30
105 cm 31
108 cm 32
111 cm 33
114 cm 34
117 cm 35
120 cm 36
123 cm 37
126 cm 38