Draumen om eit sølvbelte som kan justerast

Du veit den følelsen når du har fått på deg bunaden som har blitt ein tanke for liten sidan sist, og du innser kva du har i vente? Og når du har inntatt ein betre festmiddag, og du kjenner kor mykje sølvbeltet ditt plutseleg strammar seg rundt livet?

Då ser du fram til å kunna ta av bunadsstasen og få pusta skikkeleg godt ut.

Dette er du ikkje åleine om! Mange saknar å kunna regulera storleiken på beltet.

- Det er rart med det, men bunaden har ein tendens til å krympa etter nokre år, eller til og med i løpet av same dag, ler Kristin Myhre, marknadssjef i Sylvsmidja. Med eit sølvbelte som kan regulerast, unngår me heldigvis ubehaget med ein trong bunad.

 

Sprettespenne med englemotiv

Sprettebelte - Sylvsmidja 

Det handlar om ei spenne som har gått litt i gløymeboka dei siste åra: Den såkalla sprettespenna, pryda med nydeleg englemotiv.

- Sprettespenna er vakker og funksjonell på same tid, så denne ynskjer me å få fram att i lyset, og har laga den i både oksidert og forgylt sølv, seier Kristin.

I motsetnad til sølvbelte med dei vanlege spennene som ein hektar saman, kan denne regulerast med lenkja imellom.

- Dermed går draumen i oppfylling! Det blir ein enkel sak å justera litt på bunaden etter ein runde med rømmegrauten, slik at du får plass til runde to, smiler ho.

Ein med mykje kunnskap om bunadsølv er Dagfinn Bjørkelid, pensjonert gullsmed på Sylvsmidja. Han reiste i si tid landet rundt for å studera gamle draktsølv, og framleis er han lidenskapeleg interessert i dette.

 

LES OGSÅ: Slik arbeider gullsmeden

 

Han kan fortelja at mange av dei gamle sølvbelta som er funne rundt om i Hordaland, hadde sprettespenne med englemotiv, og belta hadde gjerne eit langt endestykke som hang ned – det såkalla fangbandet som i dag er særs vanleg i Hardanger.

- Sprotebeltet eller fangbeltet vart brukt av brura, og sprettespenna haldt beltet i hop. Det er funne mykje gamalt rundt om i Hordaland og spesielt i distrikta kring Hardanger, men slike sprettespenner er også funne i andre kantar av landet, til dømes Vik i Sogn, Møre og Romsdal, Hallingdal, Telemark og Aust-Agder, fortel Dagfinn.

 

Sprettespenner frå Sylvsmidja

835100 Sprettespenne i oksidert sølv og 835600 Sprettespenne i forgylt sølv

 

 

Gravering gjer det ekstra personleg

Beltet var ofte ein del av brurestasen til den komande husfrua på garden. Det var nemleg slik at berre gifte kvinner skulle ha sølvbelte. I lenkja på sprettespenna er det eit lite, firkanta plate på enden. Her vart gjerne gardsnamnet gravert sidan sølvbeltet ofte fylgde garden.

 

LES OGSÅ: Så mange stølar skal du ha til sølvbeltet

 

- Kvifor ikkje gravera initialar på plata? seier Kristin. På den måten vert beltet meir nært og personleg.

 

Englespenne

Eit anna beltespenne som også fortener merksemd er englespenna, også kalla jomfruspenne. Det er ei borespenne med ein engel eller Jomfru Maria-figur midtpå, der ein hektar saman spenna.

- Slike religiøse motiv hadde symbolske og magiske tydingar i midalderen, og skulle verna mot overnaturlege farar, forklarar Dagfinn.

Denne borespenna var, i likskap med sprettespenna, også eit vanleg syn i vestlandsbygdene.

- Tenk deg så nydeleg det er med ei englespenne inntil stoffbeltet eller perlebeltet til konfirmanten, smiler Kristin.

Englespenner - Sylvsmidja

Dersom bunaden har belte med borespenne, er denne englespenna eit flott alternativ for dei som ynskjer seg noko spesielt, og som ikkje alle har. Finst i både oksidert og forgylt sølv.