Korleis skal bunadsnøkkelen festast til bunaden?

Bunadsnøkkelen, også kalla stabbursnøkkel og husfruenøkkel, er eit dekorativt og tradisjonsrikt tilbehøyr som passar til dei fleste bunader og festdrakter. Her viser me deg korleis du festar han.

Slik fester du stabbursnøkkel til bunaden

Bunadsnøkkelen kan festast i sølvkjede frå beltet eller rundt halsen. Kva som passar best, kjem an på bunaden og uttrykket du ynskjer.

  • Det er mest vanleg å festa stabbursnøkkelen med ei kjede på høgre side av bunadsbeltet, men er du venstrehendt, kan du festa han på venstre side.
  • Har du bunadsveske, fester du nøkkelen på motsett side.
  • Har du ikkje sølvbelte, kan du festa nøkkelen rundt stoffbeltet eller perlebeltet, dersom du har det.
  • Om du ikkje har belte i det heile, kan du sy ei sølvhempe på bunaden som du kan tre nøkkelkjeda gjennom. Sikringsnål fungerer også.
  • Alternativt kan du bera han som eit smykke rundt halsen.

Kjedene har ulik lengd. Du kan velja mellom 40 og 90 cm. Den kortaste kjeda er fin å bruka dersom bunadsnøkkelen skal henga på beltet. Skal han berast som smykke rundt halsen, passar den lengste kjeda betre.

Tre kjeda gjennom snora på baksida av beltet. Her er det fint å bruka ei 40 cm lang kjede.
Lag ei løkke ved å tre nøkkelen gjennom kjeda.
Stram kjeda, og nøkkelen er godt festa til beltet.

Kjært barn har mange namn: stabbursnøkkel, husfruenøkkel og bunadsnøkkel. Dette tradisjonsrike bunadstilbehøyret har ei djupare meining enn mange kanskje tenkjer over, og bak dei vakre formene ligg det ei historie om tradisjon, ansvar og status. Vil du vita meir om historia og symbolikken bak nøkkelen? Les artikkelen om kva stabbursnøkkelen symboliserer.

Heilt til slutt ei artig historie

...der stabbursnøkkelen spelte ei sentral rolle. Den er henta frå Arbeiderbladet i 1935 og handlar om ein kar som kom til Heddal i Telemark på 1700-talet:

«For omkring 200 år siden kom en gudbrandsdøl ved navn Ole Olsen til Heddal i Telemark. Ole var tømmermann, og på gården Nordre Sem tømret han en stue for enken Helga Sem. Den unge enken fikk den farende tømmermann kjær, og da han skulle reise, la hun sin stabbursnøkkel i nisteskreppen hans.

Da Ole var kommet opp på Meheia, åpnet han skreppen og ville få seg litt mat. Han fant nøkkelen som han straks kjente igjen, og han skjønte også at Helga måtte ha sin hensikt med dette. Han vendte derfor tilbake til gården, og enken tilstod da at det stod til ham om han ville bli mann på gården. De ble gifte og fikk en sønn, Ole Olsen Tinne den yngre.»

Kjelde: Wikipedia, Arbeiderbladet 1935.11.23