Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Frå feminine skåler til heilage tal

Frå feminine skåler til heilage tal

Du har kanskje beundra sølja di og tenkt på kor vakker den er. Men har du nokon gong fundert over kvifor den ser ut som den gjer?

Dei skjulte bodskapa i søljene

Formene, figurane og tala er ikkje satt saman tilfeldig. Men det skjulte språket i søljene er det ikkje så mange som veit om lenger.

Medan me i dag set me meir pris på det estetiske, var symbolikken i søljene viktig i midalderen. Då knytte dei tal og figurar opp mot overtru og magi, i naturleg relasjon til verdsbiletet og det eksistensielle.

 

Ja takk, begge delar

Mytologi og religion danna grunnlaget for symbolikken i bunadsølvet, og mange av symbola me finn i søljene er opptil 5000-6000 år gamle. Etter innføringa av kristendomen her til lands la ein til kristne verdiar på dei heidenske symbola. Og ofte overlappa dei kvarandre. Ein trudde gjerne på begge delar. Då var ein iallfall sikker på at magien eller krafta skulle verka, uansett om ein trudde på det eine eller det andre!

 

Søljer med ulike heng og lauv

Dei fleste søljer har raslande heng og lauv. Nokon korte, andre lange. Lauva kan ha ulike former; runde, korsforma, dropeforma og spirforma.

 

Dei feminine skålene

Søljer med runde lauv, eller skåler, som dei også vert kalla, har rosebotn. Seks nyreformer som er sett saman i ein ring. Slike søljer vert kalla rosesølje eller skålesølje.

Ansiktssøljer og nokre slangesøljer har også runde skåler.

Sjølve skålene har ein feminin symbolikk og uttrykkjer jomfrudom.

Skålesøljer vart gjerne gitt som trulovingsgåve av guten. Dess større sølje - dess fleire skåler, og visstnok eit teikn på kor mykje guten sette pris på si utkåra!

 

Korslauv

Heilt sidan steinalderen har korset mest truleg vore det mest brukte symbolet på tvers av kulturar.

Som med mykje anna bunadsølv har korslauva kristent opphav, og forma med likearma kors som smalnar inn mot midten, finn me att i byrjinga av midalderen.

Korslauva er gjerne dekorert med gravering, farga stein eller filigran som er lodda på.

 

Spirlauv

Symbolikken knytt til spirlauva går heilt tilbake til førkristen tid i samband med ritual knytt til fruktbarheit og styrke.

I kristen samanheng symboliserer spir Guds makt og styrke.

Hjartesølje med spirlauv, dekorert med strålekrans – igjen eit kristeleg symbol for det guddommelege lyset.

 

Solhjul

Solhjulet finn me att i folkekunsten frå bronsealderen og har truleg vore knytt til jordbruk. Solhjulet var magisk og vart sett i samanheng med både vern og fruktbarheit. Med kristendommen vart symbolikken knytt til det guddommelege.

Sølje til Trønderbunaden med 4 solhjul og 12 spirlauv

 

Byggkorn

Nokre av søljene i Telemarksregionen har heng som skal etterlikna byggkorn. Dette er eit gamalt heidensk symbol på nytt liv og fruktbarheit.

Byggkornring frå Telemark

 

Dropelauv

Dropelauva er desse små lauva nedst i henga på søljene. Vatn i dropeform representerer Den heilage ande, reinheit og uskyld.

Sølje med skåler, heng og dropelauv

 

Dei heilage tala

Konstruksjonsmessig og geometrisk sett er ingenting tilfeldig når det gjeld dei vakre søljene, ei heller talet på dei ulike delane dei består av. Kanskje har du talt 6 skåler på sølja di? Eller kanskje 8 eller 12?

Bolesølja har gjerne 12 små og store boler, slangesølje har 6 buktningar, og på Agnus Dei (offerdåse / myntdalar) er det 3 heng.

Kva betydde så desse tala i ei tid der symbolbruk og overtru spelte ei stor rolle i livet til menneska?

 

Det himmelske talet

Alle tal som kan delast på 3 vart sett på som heilag. Talet 3 er det «himmelske talet» og viser til den heilage treeininga – Faderen, Sonen og Den heilage ande. Uttrykket «alle gode ting er tre» stammar truleg frå denne talsymbolikken.

Rogalandssølje med 6 korslauv og 12 skåler

 

Verdstalet

Talet 4 og det som kan delast med 4 har også ei spesiell tyding. Det er «verdstalet» som viser til dei 4 verdshjørna; nord, sør, aust og vest,  dei 4 årstidene og dei 4 elementa. Talet 4 fekk også ei meir kristeleg tyding etter kvart som kristendomen gjorde seg gjeldande i landet;  Blant anna viser det til at Gud skapte universet den fjerde dagen, det er 4 evangelium i bibelen og Jesus var av Judas stamme - den fjerde av totalt 12 stammer.

Hornring har 4 «horn» som viser til verdstalet 4

 

Det fullstendige

7- og 10-talet står for det totalitære og fullstendige.

Det viser til Guds forbindelse med verda. 3 er som nemnt det heilage talet og 4 er verdstalet. Til saman får me talet 7 som viser til skapinga.

10 er eit av dei «perfekte» tala. Det symboliserer lov og orden, og viser til dei 10 boda. Og for spesielt interesserte – tverrsummen av Johannes 3.16 (eit vers i Det nye testamentet som vert kalla «Den vesle Bibelen) - er nettopp 10.


F.v.: Sølje med 7 heng – Rogalandssølje med 10 heng