Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Kvifor oksiderer sølv? Kan ein unngå dette?

Kvifor oksiderer sølv? Kan ein unngå dette?

- Spørsmål mange lurar på. Nokre trur det kan ha med lufta å gjera, men det er berre delvis riktig. Her får du svaret.

Med tida vil sølv mista glansen og bli utsett for misfarging. Me seier at sølv oksiderer. Dette er ein heilt naturleg prosess, og betyr altså ikkje at det er noko gale med sølvet.

 

Kva er sølv?

Men fyrst, la oss begynna med å forklara kva sølv er. Reint sølv er eit kvitt og veldig mjukt edelmetall. For at bunadsølv og andre sølvvarer ikkje skal bli øydelagde ved bruk, må sølvet difor blandast (legerast) med andre, hardare metall som til dømes kopar. Du har kanskje sett tala 830 eller 925 stempla på sølvsmykka dine?

- Det fortel at smykket består av anten 83% eller 92,5% reint sølv, forklarar Harald Horvei, reparatør i Sylvsmidja. Resten av innhaldet er gjerne kopar.

På verkstaden blir små sølvgranulat til blenkjande bunadsølv

 

 

LES OGSÅ: Kvifor er bunadsølv kostbart

 

Sølv + hydrogensulfid = usant

Sølv reagerer kjemisk når det kjem i kontakt med hydrogensulfid frå svovel og svovelforbindingar, både i lufta rundt oss og i vatnet. Dette likar ikkje sølvet, så med tida vil det anløpa, og farge og glans vil forsvinna.

Stoffet sølvsulfid vil danna seg som ei mørk hinne utanpå.

Sjølv om dette skjer gradvis over tid, opplever nokon at sølvet oksiderer etter ei relativ kort stund.

- Då har nok sølvet på ein eller annan måte blitt eksponert for meir konsentrert mengd svovel, seier Harald. Det kan til dømes vera gjennom hudkrem, parfyme eller ulike typar matvarer.

 

Slik ser det ut når kvitt sølv som har anløpt

 

Kroppen skil også ut hydrogensulfid som kan føra til oksidering

Å få grønt eller svart belegg på fingeren etter å ha brukt ein uekte ring, er eit velkjent fenomen. Og mange trur dette er eit kjenneteikn på at ringen ikkje er ekte.

- Det stemmer nok ikkje heilt. Dette kan også skje med sølv- og gullringar på grunn av legeringa, seier Harald. Misfarginga kjem av ein kjemisk reaksjon mellom metallet og samansetnaden av ulike syrer frå huda eller i hudkremen du brukar. Og dette er sjølvsagt ulik frå person til person, forklarar han.

 

Ulike kjelde som kan forårsaka oksidering på sølvvarer

Som nemnt er det ikkje berre forureiningar i luft og vatn som fører til at sølvet oksiderer og mister glans. Dette kan også førekoma ved kontakt med:

  • Hudkrem
  • Sminke
  • Hårspray
  • Parfyme
  • Handsåpe
  • Klor
  • Saltvatn
  • Matvarer som til dømes egg, kjøt og ulike typar grønsaker
  • Svovel frå kroppen som vert skilt ut gjennom sveitte. Inntak av ulike typar mat og eventuelle medisin vil ha innverknad på dette.
  • Avispapir
  • Gummistrikk. Dette er spesielt fy-fy! Gummistrikk på sølv lagar stygge flekkar som er vanskeleg å få vekk.

 

Kan ein hindra at sølv oksiderer?

Svaret er nok nei. Oksidering er som nemnt ein naturleg prosess, og dessverre er ikkje denne mogleg å hindra. Med så mange ulike kjelde rundt oss som inneheld svovel og svovelforbindingar, er oksidering uunngåeleg.

Likevel er det to enkle tiltak du kan gjera for å bremsa utviklinga:

  1. Vask smykka godt etter bruk
     
  2. Oppbevar dei på riktig måte

 

- Men dersom sølvet ditt har blitt såpass mørk og misfarga, og du ikkje klarar å få det fint att, kan du levera det inn til ein gullsmed som kan pussa det blankt igjen, forsikrar Harald.

 

Sølv som skal vera oksidert

- Til mange av dei vakre bunadane rundt om i landet er det jo faktisk vanleg med oksidert eller gamalforgylt bunadsølv, seier Harald. Desse lagar me ved å framskynda oksideringsprosessen kjemisk med sølvsulfid. Då legg det seg eit tynt, mørkt lag som framhevar det vakre mønsteret og dekoren på overflata.

- Pussing må til for å halda bunadsølvet blankt. Dei som har oksidert eller gamalforgylt sølv til bunaden slepp billegare unna. Dei treng ikkje pussa så ofte, seier Harald og smiler.