6 stylingtips som gir smykka dine nytt liv

Få meir ut av smykka dine med enkle grep. Her får du inspirasjon til korleis du kan kombinera ulike smykke og skapa eit uttrykk som passar perfekt for deg. Utforsk korleis du enkelt kan variera stil og tilbehøyr – utan å bryta reglane.

La oss ta det med ein gong: Det finst faktisk ingen reglar – og om det gjer, er dei til for å brytast!

Styling handlar om å leika seg fram, testa nye kombinasjonar og finna det som kjennest rett for deg. Smykke er personlege, og nettopp derfor finst det ikkje eitt fasitsvar.

La deg inspirera av tipsa nedanfor!

1. Bruk lag-på-lag med halskjeder

Eit kraftig panserkjede er tøft å bruka åleine. Om du vil gå for eit mjukare og meir personleg uttrykk, kan du festa på ein charm. Brukar du eit perlekjede i tillegg, vil du få ein perfekt balanse mellom det røffe og det elegante.

Perlekjede er aldri feil. Det er klassisk, elegant og går aldri av moten.

Om du vil ha litt meir blikkfang, kan du, her også, festa på ein charm. Har du i tillegg eit langt, tynt kjede som du fester dobbelt rundt halsen, får du eit moderne lag-på-lag uttrykk. Perfekt til ei skjorte eller ein enkel kjole.

Ønsker du å gå «all in» er det tøft å kombinera fleire kjeder med ulike lengder og strukturar.

2. Styling av ringar

Miks gull og sølv – Gløym gamle reglar! Du har større fridom når du blandar edelmetall som gull og sølv, og du får ein stil som er både avslappa og kul.

Miks storleik og form – Kombiner store statement-ringar med tynnare, meir diskré ringar.

Det kan også vera fint å blanda matte og blanke ringar, eller kombinera glatte overflater med meir organiske former for å skapa meir liv i uttrykket.

Tenk balanse – har du mange ringar på den eine handa, kan det vera fint å halda den andre meir enkel, til dømes med eit armband. Då får du eit balansert uttrykk.

Gull og oksidert sølv er flott i lag.

Bruk ringar med ulike former og strukturar.

3. Leik deg med fleire armband

Ønsker du eit meir harmonisk uttrykk, men som likevel fangar blikket, kan du kombinera fleire armband i same stil.

Ønsker du meir kontrast og karakter, kan du blanda ulike typar armband med ulike strukturar og overflater.

Begge stilane funkar like godt til ein enkel T-skjorte i kvardagen som til ein minimalistisk kjole når du vil pynta deg litt ekstra.

Vil du gjera det ekstra personleg? Fest på ein charm som betyr noko for deg.

4. Tenk heilskapleg

Vil du ha eit heilskapleg uttrykk, er tipset å velja smykke frå same serie. Når smykka har same formspråk, blir stilen både gjennomført og elegant.

Du må gjerne miksa ulike metall og fargeoverflater, det skapar kontrast utan å bryta heilskapen.

Sjå alle smykkeseriene i Spor

Øredobber, halssmykke, ringar og armband i Hav-serien.

Øredobber og halssmykke i Blad-serien.

Øredobber og halssmykke med Swarovski i Hav-serien

5. Gå for smykke som kan brukast på ulike måtar

Invester i smykke som varar og som kan brukast på ulike måtar. Med fleksible løysingar som avtakbare anheng, justerbare kjeder og 2-i-1-øyrepynt, får du fleire stiluttrykk i eitt og same smykke.

6. Gjer det personleg med charms

Å festa på charms er ein enkel og stilfull måte å setta eit personleg preg på smykket. Lag ein signatur som er heilt din eigen: vel eit halskjede eller armband, og sett saman charms som speglar deg og stilen din.

Foto: Gitte Boge / Ingerid Jordal