6 tips for å halda bunadsveska fin over tid

Som med anna bunadsølv vil veskelåsen på bunadsveska over tid også bli misfarga og stygg. Her er ekspertens tips til korleis du best tek vare på den, slik at den held seg fin.

6 tips for å halda bunadsveska fin

  1. Pass på at veskelåsen ikkje er i kontakt med garn eller tekstil som inneheld svovel. Svovel bidreg nemleg til at sølvet oksiderer.
  2. Ikkje ver for hardhendt slik at noko blir øydelagt når du skal opna veska. Veskelåsen er eit smykke i seg sjølv og bør behandlast forsiktig.
  3. Ikkje ha for mykje ting oppi slik at det blir for tungt. I verste fall kan veska verta øydelagt, eller veskestølen som den er festa til, kan få for stor belastning.
  4. Puss lett over med pusseklut før du legg den vekk etter bruk.
  5. Oppbevar den tettast mogleg, f.eks. i plastpose.
  6. Bruk ei sikringslenkje for å unngå at du mistar veska ved bruk.

Kva er veskelåsen laga av?

Gullsmed Trond Johansen i Sylvsmidja fortel at veskelåsane vert laga i sølv, sølvplett eller messing. Overflata er anten oksidert, kvitt, forgylt eller gamalforgylt – alle med tradisjonell dekor og praktfulle detaljar.

– Dei som vil ha det mest eksklusive kjøper veskelås i sølv. Sølvplett er eit rimelegare alternativ, seier Trond. Me har også veskelås i messing som mellom anna vert brukt i Oppdal og Sunnmøre.

Sjå komplett utval av veskelåsar

Har ikkje bunaden din tilhøyrande veske?

Ingen fare! Sylvsmidja lagar komplette bunadsvesker med sølvpynt inspirert av tradisjonelt bunadsølv. Veskene er sydde i stoff frå Gudbrandsdalens Uldvarefabrikk, fora med bomull, og kan brukast med eller utan sølvbelte. Lås i sølvplett og pynten på veska vert laga med forgylt eller oksidert overflate.

Sjå alle bunadsvesker

Lauslomme med smågodt og brennevin

Bunadsveska vert også kalla lauslomme. Etterkvart som den europeiske moten spreidde seg frå kontinentet og vidare nordover på 1600-1700-talet, vart den ein naturleg del av drakt-tilbehøyret her til lands.

Sjølv då hadde den ein praktisk funksjon, med plass til det damene trong å ha med seg når dei var på farten. Bestikk for eksempel. Særleg ved gjestebod som barnedåp, bryllup og gravferd hadde gjestene med seg eige bestikk. Skulle dei til kyrkja hadde dei med seg offerpengar og luktevannshus. Aagot Noss (2005) refererer frå informantar at ein i kvardagen hadde smågodt oppi, og ved kyrkjeferd var det gjerne brennevinsflaska som fekk plass!

I dag er det vel helst andre ting som får plass inni lauslomma. Det er ikkje mangt den kan romma, men essensielle småting som mobil, nøklar og pengar går fint oppi. Og kanskje ein liten sjokolade for å halda blodsukkeret oppe medan ein ser barnetoget på 17. mai!