Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Blenkjande til evig tid

Blenkjande til evig tid

Sølv er ein av få ting som kan sjå heilt nytt ut sjølv om det er arva gjennom generasjonar. I eit handmåla skrin ligg bunadsølvet til familien Fjose Crook. Blanke, små skattar frå kulturarven vår: Nokon heilt nye, andre veldig gamle.

I eit hus like ved slalåmbakkane på Voss, har mor Ranveig funne fram det handmåla skrinet. No sjekkar ho at alt bunadsølvet er klart til neste gong det skal i bruk.

– Denne fekk eg av bestemor til konfirmasjonen, seier Ranveig, og held opp ei nydeleg sølje.

Halsknapp etter oldefar

Tuva (10) og Lars Hermund (5), barna til Ranveig, ser på sølja med store auge.

- Dette er di sølje, seier tobarnsmora vidare og viser sonen ein flott halsknapp han har arva etter oldefar sin.

Finn sølv til bunaden din her

Lars Hermund studerer den blanke sølja nøye, før han leitar vidare oppi skrinet. Ranveig er glad for at barna finn glede i sølvet sitt.

- Eg synest det er kjekt for ungane å ha noko etter oldeforeldra sine. Det er noko spesielt ved det, seier ho.

Treng du sølje? Sjå utvalet her

Berekraft i 80 år

Sidan Sylvsmidja vart etablert for 80 år sidan, har vi vore med på å auke både kunnskap og lidenskap for bunadsølv.

– Sølv er ikkje noko ein sløser med. Det er edelt metall som blir brukt om og om igjen, seier Martin Istad, som jobbar i støyperiet.

Med erfarent handlag og konsentrert blikk, klipper han av sølvdel etter sølvdel.

Inga sløsing: - Alle restar frå støyperiet blir sende til gjenbruk

INGA SLØSING: – Alle restar frå støypeprosessen blir sende til gjenbruk, forklarar Martin

 

Prosessen startar nokre rom bortanfor. Der vert det laga vakre voksmodellar som i neste steg skal bli til støypeformer for bunadsølv.

- Støypeformene fyller vi med sølvgranulat. Alle restar frå støypeprosessen blir sendt til ny raffinering og gjenbruk, forklarar Martin.

Fokus på berekraft har alltid vore viktig.

- 80 prosent av sølvet vi bruker er resirkulert. Resten er frå sølvgruver nord i Europa, seier han vidare.

Bunadsbygda Voss

Voss er i ei særstilling når det kjem til bunader og sølv. Når det er konfirmasjon i bygda, er det ikkje ei einaste kvit kappe å sjå. Då blenkjer det i sølv og dansar i broderi – både på bunadskledde gutar og jenter.

Også i familien Fjose Crook står bunadstradisjonane sterkt. Lars Hermund har fått på seg bunaden sin, og rett under skjortekragen skin det i sølja etter oldefar.

- Arvesølvet vårt betyr svært mykje for oss. Både sølvet og minna søljene ber med seg varer evig, smiler Ranveig og held fram:

Sølv held seg i verdi, og er noko som kan brukast heile livet. Derfor er det ei veldig flott gåve, synest tobarnsmora.

Livstidsgaranti

Sølv er også ein av få ting som kan sjå heilt nytt ut sjølv om det er veldig gammalt. Me tek imot gammalt sølv og pussar det så blankt at ein skulle tru det var nytt.

– Det finst ikkje slike pussemaskiner som det vi har nokon annan plass. Det veit vi fordi det er vi som har laga dei, fortel Martin Istad.

Reparatør Harald Horvei viser fram eit bunadsbelte der berre nokre av stølane er pussa. Den store skilnaden er knapt til å tru: Medan det nypussa sølvet skin om kapp med vårsola, er resten både mørkt og brunaktig.

– Ja, pussing har mykje å seie, understrekar reparatøren med eit godt smil.

Her finn du pussetips

Blir bunadsølv frå Sylvsmidja skada eller øydelagd på grunn av ein feil i produksjonen, så reparerer eller erstattar me det. Har sølvet ditt stempel frå Sylvsmidja? Då kan du glede deg over at det inneber livstidsgaranti mot tilverkingsfeil.

Ein eigen beltekalkulator

Heilt sidan 1940 har vi perfeksjonert måten vi lagar bunadsølv på. Me er ein stolt berar av norske tradisjonar, og no har også kundane sjølve moglegheit til å designe sine eigne søljer.

– Dei dyktige gullsmedane våre lager søljene for deg her på Voss, seier Kristin Myhre, marknadssjef i Sylvsmidja.

Vil du prøva å designe di eiga sølje?

For nokre år sidan utvikla me ein beltekalkulator der kundane sjølve kan plukka element dei ønskjer å ha med på sølvbeltet sitt.

– Beltekalkulatoren blei veldig godt tatt imot, og det var den som inspirerte oss til å utvikle endå meir skreddarsaum, seier Kristin vidare.

Lyst å prøve beltekalkulatoren?

 

Finn sølv til bunaden din her

 

 

Tekst og foto: Schibsted Partnerstudio