Brudekrona som får deg til å stråla på bryllupet
Det finst augeblikk i livet som aldri slepp taket. Når tida står stille, og du står der, midt i ditt eige bryllup. Blikket ditt er vendt mot den du elskar.
Små og store førebuingar skal falla på plass denne dagen, og nokre detaljar betyr litt ekstra fordi dei speglar kven du er.
Enten du skal ha ein tradisjonell bunad eller stå som kvit brud, finst det eitt symbol som løftar heile uttrykket: brudekrona.

Leiga eller kjøpa brudekrone?
Sylvsmidja lagar to ulike modellar i sølv. Begge passar til både bunader og brudekjolar, og er handlaga av våre eigne dyktige gullsmedar på Voss.
Du kan velja om brudekrona skal vera di for éin dag eller for alltid, som eit varig minne og arvestykke.
Om du ynskjer å leiga, kan du enkelt gjera det gjennom alle våre forhandlarar i heile landet.
TIPS: Ver ute i god tid, anten du vil leiga eller kjøpa brudekrone.
Å laga ei brudekrone for hand krev tålmod, presisjon og eit skarpt auge for det vakre. Kvart mønster blir forma forsiktig, kvar detalj vert festa med stødig hand. Og sakte, men sikkert tek krona form, i blenkjande sølv, klar til å stråla med ei brud på hennar største dag. ❤️

Vanlege spørsmål om brudekrone til bryllup
Kva er ei brudekrone?
Ei brudekrone er eit tradisjonsrikt hovudplagg som bruda har på seg bryllupsdagen. Ho er ofte laga i sølv og rikt dekorert, eit symbol på reinleik, verdigheit og styrke. I Noreg er tradisjonen dokumentert frå slutten av 1500-talet. Krona skulle heidra brura, visa tilhøyrsle, og verna brura mot vonde makter.
Kor kan eg kjøpa brudekrone frå Sylvsmidja?
Du kan kjøpa brudekrone her i nettbutikken til Sylvsmidja eller gjennom forhandlarane våre i heile landet.
Å kjøpa brudekrone passar godt for deg som vil ha eit minne frå den store dagen, og som kanskje ynskjer å gje krona vidare til neste generasjon.
Kan eg leiga brudekrone frå Sylvsmidja?
Ja, du kan leiga brudekrone gjennom alle forhandlarane våre i heile landet. Ta kontakt med næraste forhandlar, så hjelper dei deg med å finna rett krone og tidspunkt for leige.
Kan eg bruka brudekrone til Hardangerbunad?
Ja, du kan bruka krone til ALLE bunader – inkludert Sunnmørsbunad, Rogalandsbunad, Nordlandsbunad og bunader frå Telemark og Gudbrandsdalen, berre for å nemna nokon. Du kan velja mellom kvitt eller oksidert sølv, slik at krona står i stil med bunadsølvet ditt.
Kan eg bruka brudekrone frå Sylvsmidja til brudekjole?
Ja! Brudekronene frå Sylvsmidja passar like godt til brudekjole som til bunad. Dei er laga med utgangspunkt i norsk handverk og tradisjon, og designa for å løfta både tradisjonelle bunader og vakre brudekjolar.
Kor blir brudekronene laga?
Sylvsmidja sine brudekroner vert laga for hand av dyktige gullsmedar i verkstaden på Voss. Dei vert laga i ekte sølv, i anten kvitt/forgylt eller oksidert sølv.