Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Den mystiske jonsoknatta

Den mystiske jonsoknatta

Nordmenn flest tenkjer på jonsokaftan eller Sankthansaftan som ei markering på midtsommar, med bål, grilling og godt selskap.

Det magiske bålet

Sankthansaftan vert markert 23. juni. Feiringa varierer, men meir enn noko anna er det bålbrenninga rundt om i heile landet som kjenneteiknar den. Tradisjonen stammar frå førkristen tid der myter og overtru var ein vanleg del av kvardagen.

Og midtsommarnatta – jau, den var magisk. Det store, sprakande bålet skulle verna menneske og dyr mot vonde makter og halda heksene på avstand. For denne natta var dei ekstra aktive!

 

Vekkja opp åkeren

I følgje overtru var krafta i naturen spesiell sterk midtsommars. Husmødrene gjekk ut før jonsok-kvelden for å plukka strå og dei finaste markblomane som dei fletta saman til ein vakker krans. Medan dei gjekk rundt i åker og eng rundt gardane, nynna dei eit vers som skulle «vekkja opp åkeren» frå dvale.

«Væk op, væk op baade Aaker og Eng,
Aa no ha du Sove saa længje i Seng,
Aa no ha der vori baade Snov aa Regn,
Aa no e Jonsoknotto kommo».

 

Draumen om ektemannen

Også våryre ungjenter var opptatt av blomar og medisinske urter som hadde ein spesiell verknad når dei vart plukka på jonsokaftan. Om dei la 7 ulike sortar blomar under puta denne kvelden, ville dei på magisk vis drøyma søtt om den framtidige ektemannen.

Etter kvart som kristendomen gjorde sitt inntog ynskja kyrkja å fordriva den heidenske feiringa. Festen vart difor ei høgtid til minne om døyparen Johannes som seiast å vera fødd omkring seks månader før Jesus. Ein tok til å bruka namnet «Jonsok» frå det norrøne jónsvaka, som tyder «vakenatt for Jon» (forkorting for Johannes).

 

 

Jonsokbryllup

Eitt særnorsk bygdefenomen, fyrst og fremst på Vestlandet, er ein skikk som kan førast tilbake til 1800-talet: Jonsokbryllupet. Tradisjonen lever i beste velgåande i dag - Barn vert kledd opp i bruredrakt og imiterer eit vaksenbryllaup med brurefølgje, spelemann og dans.

 

Har du prøvd beltekalkulatoren vår?

 

På Voss var Kari Traa ei av mange som fekk vera jonsokbrur som lita. Som 6-åring "gifta" ho seg nemleg med naboguten!

- Dei andre jentene i nabolaget hadde allereie gifta seg, og plutseleg var det min tur, sjølv om eg ikkje hadde så lyst, fortel Kari.

Brudgomen var Vidar Skeie, ein nabogut som var eit par år eldre enn meg. Han hadde ikkje så mykje lyst til å gifta seg, han heller. Me begynte å krangla og hamna i slåstkamp. Det gjekk hardt utover bunaden, ler Kari, som vart kledd fint opp i festbunad og brurekrune. Den gjekk i arv blant jentene.
 

- Blankt beltespenne og sølje var sjølvsagt på plass. Bunadssko også - med tennissokkar!
 

Jonsokbryllup på Voss
Kari Traa og naboguten som jonsokbrur og brudgom.

------------

Visste du at…

Jonsok var ein fridag heilt fram til 1770 då den vart avskaffa av kong Christian VII grunna "Festdagsreduksjonen". Religiøse markeringar skulle halverast i kongeriket Danmark-Norge.

Foto: Svein Ulvund / Kari Traa