Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Det ekte og rette bunadsølvet

Det ekte og rette bunadsølvet

Eig du ein bunad? Då er sjansen stor for at det er gullsmedane på Voss som har laga bunadsølvet.

Dei første vårblomane har vakna or dvalen etter vinteren på Voss, men inne i verkstaden har gullsmedane våre arbeidd flittig gjennom heile vinteren for å få klart alt bunadsølvet som skal pryda bunadsfolket i festsesongen.  

Ein av gullsmedane er Hildegunn Gjerde.

– Eg har alltid likt å vera kreativ. Men det var først då eg fekk ei smykkeoppgåve på husflidskulen eg skjønte at dette var noko eg både likte og kunne bli god på.

Dermed vart valet om gullsmedutdanning teke. Turen gjekk til gullsmedlinja på Bergen yrkesskule og vidare til Firenze, Italias gullsmedhovudstad, i til saman fire år. Kunnskapen om norsk og italiensk gullhandverk kjem godt med i Sylvsmidja.

Stoltheit i kvar sølje

Den største utfordringa innan bunadsølv er for mange den handlaga bolesølja med 555 einskilde delar. Mange gullsmedar kjenner på ei ærefrykt når dei skal i gang med den. Gullsmed og avdelingsleiar Gry Ukvitne likar den møysommelege og lange prosessen med arbeidet.

– Detaljarbeid er kjekt! Uansett kva eg jobbar med, har eg i tankane at nokon skal bæra sølvet og at det skal pryda bunaden deira, gjerne i generasjonar. Kvart produkt er unikt for den eine kunden, og eg legg mi stoltheit i at det skal vera perfekt. Ikkje berre for kunden, men også for kulturarven, seier Gry.

Kva bunad har du? Vel ditt distrikt og finn sølvet ditt her.

“Eg legg mi stoltheit i at handverket skal vera perfekt”

Jakta på det ekte og rette bunadsølvet

Me har sølv til 64 forskjellige bunader og folkedrakter. Alt me lagar er basert på gamle, lokale handverkstradisjonar, som kjem frå gamalt draktsølv som er teke vare på ute i distrikta.

Kva bunadsølv som høyrer til din finstas kan vere vanskeleg å vite, men me har laga ein oversikt over alle distrikta i Noreg her på nettsida. Bak oversikta ligg det eit enormt arbeid som vår eigen sølvdetektiv, Dagfinn Bjørkelid, har samla inn.

– Dagfinn har vore ein viktig ressurs, ikkje berre for Sylvsmidja, men for mange som driv med bunadsølv i Noreg, seier Gry.

Oversikta over kva som finst, er arkivert i det som på utsida ser ut som heilt vanlege skuffer. Men inni skjuler det seg Noregs kanskje mest varierte samling av bunadsølv.

– Me starta å samla dette i 1973. No fins det fleire enn 2.200 ulike bunadsølv-gjenstandar, seier Gry.

Resultatet er at uansett kva slags bunad eller folkedrakt du har, skal du finne riktig sølv hos Sylvsmidja.

SØLVARKIVET: I desse skuffene skjuler det seg 2.200 ulike bunadsølv-gjenstandar som er samla inn av Sylvsmidja.

Løyndom, mystikk og historie

Ein bunad er ikkje berre ei økonomisk investering, men også ei investering i kulturarva.

I bunadsølvet fins det mykje spanande løyndom, mystikk og historie. Gry finn fram ei av dei typiske vestlandssøljene og viser korleis botnen er stansa ut med ein krans av ansikt.

– Dei gamle søljene vart til i ei tid der dei færraste kunne lesa og skriva. Symbolbruk var meir vanleg og forståeleg for dei fleste. Sølv har alltid vore knytt opp til overtru, og frå gamalt av, vart det brukt som vern mot overnaturlege farar. Sølv skulle bringa lukke og difor bar ofte både barn og vaksne med seg ein sølvmynt, –knapp eller –brosje i kleda sine, fortel Gry.

 

Om du tek ein nærare titt på sølja di vil du finna ein viss symmetri. Tal på ulike delar, som skåler på ei skålesølje og boler på ei bolesølje, kan ofte delast på tre eller fire. Det er til dømes seks, åtte eller tolv skåler eller seks buktningar på slangesølje.

At det kan delast på tre var frå gamalt av eit symbol på dei skapande kreftene; Den heilage Treeininga: Faderen, Sonen og Den Heilage Ande.

Det som kunne delast på fire, viser til dei fire verdshjørna: nord, sør, aust og vest og alt som var mellom. Altså heile skaparverket.

ANSIKTSSØLJA: Bak henga på denne sølja skjuler det seg ein krans av ansikt eller masker. Den har opphav frå tidleg på 1800-talet og har vore mykje brukt på Vestlandet, spesielt i Hordaland.

 

SKÅLSØLJA: Skålene på søljene var eit vanleg uttrykk for møydom. Skålesøljene vart gjerne brukt som festargåve (trulovingsgåve). Dess fleire skåler jenta fekk på sølja si, dess større pris sette guten på festarmøya si.

Sylvsmidja sin signatur

Heilt sidan 1384 har det vore påbode at sølvet skal merkast. Eit stempel skal visa kven som har laga sølvet, og kva sølvlegering som er brukt.

 

Vårt ansvarsmerke er ein «J». Det er teiknet som viser at dette er ekte vare.

 

– J-en er forma som eit drikkehorn og står for Leif Johannessen, gullsmeden som grunnla Sylvsmidja i 1940.

 

Ansvarsmerket betyr meir enn at Sylvsmidja har laga sølvet.Det gir deg livstidsgaranti på tilverkingsfeil på alt bunadsølv frå Sylvsmidja.

– I jakta på stadig billegare bunader, har ein marknad for uekte billegsølv dukka opp. Me ser dessverre at til og med vårt eige ansvarsmerke vert kopiert. Eit godt tips når du skal kjøpa bunadsølv er å sammenlikne søljer frå fleire produsentar. Kjenn på tyngda, sjå på utføringa, spør kvar den er laga og kjøp sølvet ditt hos ein butikk du stolar på, rådar Gry, og avsluttar:

 

– Me er stolte over den høge handverkskvaliteten på det me lagar her på Sylvsmidja. Her er du garantert å få det ekte og det rette sølvet som varar livet ut – og lenger.