Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Dette er opphavet til bunadsringen

Dette er opphavet til bunadsringen

Fingerringen har alltid vore ein populær pyntegjenstand blant kvinner og menn. I dag står den sterk som symbol på truskap og kjærleik, men slik har det ikkje alltid vore.

I mellomalderen uttrykte den sosial posisjon og var fyrst og fremst eit prektig statussymbol blant kongar, biskopar og adelsfolk. Den viste autoritet og var eit teikn på den ubrytelege pakta som følgde med embetet deira.

 

Symbol på truloving og ekteskap

Etter kvart blei ringen også eit symbol på pakta mellom mann og kvinne og vart gjeve som del av festegåvene ved truloving og ekteskap.

Symbolikken om truskap var det kyrkja som la til. Dei såg på ringen som pant på kjærleiken, men det skulle gå litt tid før det konservative bondesamfunnet aksepterte ringen som avløysar for alle festegåvene.

 

Rasleringen – opphavet til dagens bunadsringar

Foto: Faksvaag, Jon-Erik / Norsk Folkemuseum
Foto: Faksvaag, Jon-Erik / Norsk Folkemuseum

 

Nokre av ringane var rikt dekorerte med små heng som «rasla», såkalla rasleringar. Desse oppstod i Tyskland på 1500-talet, men dukka fyrst opp i Norge på 1700-talet.

Gamle rasleringar har blitt funne over heile landet, men var særs populære på vestlandet.

Rasleringen er utgangspunktet for dagens bunadsringar!

 

Finn bunadsring som passar til din bunad.

 

Ei meiningsfull gåve til nokon du er glad i?

Desse kjærleiksringane har også direkte opphav frå gamle rasleringar, vakkert dekorerte med kjærleiksmotiv og symbol på uskyld og fruktbarheit. På den største ringen er det to duer og eit hjarte gjennombora av to piler. Den minste har eit lite hjarte i midten med to motståande duer som matar avkommet.

Kjærleiksringane er ikkje direkte knytt til spesifikke bunad, men kan brukast til dei fleste som har oksidert sølv. Og sjølvsagt kan dei brukast utan bunad også!

 

 

Kjelde: Draktsølv, Jorunn Fossberg