Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Fem gåvetips til morsdagen

Fem gåvetips til morsdagen

Det kan vera vanskeleg å finna ei minnerik gåve til mor, svigermor eller kjærasten. Difor har me samla våre aller beste tips til ei personleg morsdagsgåve.

I Noreg feirar me morsdag andre søndagen i februar, som i år er 12. februar. Dagen har me markert i over 100 år, men morsdagsgåvene har nok endra seg mykje på den tida. Det samme gjeld bunadstradisjonane. I Sylvsmidja er me opptatt av å ta vare på tradisjonane, men også å fornya oss. Me jobbar heile tida med å utvikla nytt tilbehøyr til bunaden, som også kan vera fine gåver til morsdag. 

1. Hårpynt

Hårspenner og hårstrikk som passar til resten av bunadsølvet har blitt svært populært dei siste åra. Me har eit stort utval i kvitt, oksidert og forgylt sølv, som passar til bunader frå heile landet. Hårklemmer og -strikkar kan brukast til å setja opp håret på ulike måtar, alt i frå ein enkel hestehale til den perfekte festfrisyra. Dette er tilbehøyr som også kan brukast utan bunad til kvardags, og kan difor vera eit godt tips til morsdagen. 

Hårstrikka våre har ein smart patent som gjer det mogeleg å bytta ut strikken for å tilpassa hårfarge, eller når stikken blir sleten. 

2. Bunadveske

Etterspurnaden etter bunadvesker er stor, og me i Sylvsmidja har lansert vår heilt eigne kolleksjon - inspirert av søljer, spenner og bunader. Me har også eit stort utval veskelåsar, og nokre har plass til gravering av namn. Veskene kan brukast både med og utan sølvbelte, og er sjølvsagt store nok til mobil og andre småting mor treng å ha med seg når ho brukar bunaden. 

3. Klokker

Lommeur har tradisjonelt vore eit tilbehøyr knytt til mannsbunad, men me har også eigne lommeur til kvinner med høgkvalitets sveitsisk urverk frå Aerowatch. Lommeura til damer er litt mindre og nettare enn herremodellane. Her kan ein sjølv velja kva klokkekjede ein ønskjer til. Lommeur med lokk gir deg mogelegheit til å gravera inn initialar eller dato. Dette er ei spesiell gåve til kvinna som har det meste til bunaden. 

LES OGSÅ: Pusse bunadsølv på 1-2-3

4. Sølvbelte og beltestølar

Eit sølvbelte til bunaden står høgt oppe på ønskelista til mange. Å kjøpa beltestølar til morsdagen er ei fin anledning til å komma i gong med å samla til eit komplett belte. Nokre av beltestølane har plass til å gravera fornamn og etternamn eller initialar og dato. 

I vår beltekalkulator finn du enkelt ut kor mange beltestølar som trengst.

5. Oppbevaringsskrin til bunadsølvet

Kva gir du i gåve til mor som har alt av tilbehør til bunaden? Noko å ha det i, sjølvsagt! For å halda bunadsølvet fint og blankt over tid bør det oppbevarast reint, mørkt, tørt og lufttett. Våre oppbevaringsskrin til bunadssølv har god plass til søljer, mansjettknappar, øyrepynt, ring, kjeder, sølvbelte og anna sølv til bunaden. På nokre skrin kan du også gravere inn namn. Ein fin detalj for å gjera morsdagsgåva ekstra personleg.