Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Frå edelt metall til blenkjande kulturskatt

Frå edelt metall til blenkjande kulturskatt

Har du nokon gong lurt på korleis bunadsølvet ditt vert til? I verkstaden vår på Voss finn du svaret.

I verkstaden vår på Voss, går Olav Honve taktfast gjennom lokalet. Sidan han var 15 år har han med sine store nevar pressa, lodda og pussa fram dei mest delikate sølvskattar frå Noregs venaste kulturarv, nemleg bunadsølvet.

Sølvblikket: På verkstaden vert både sølvet og handverket halde ved like.

Sølvblikket: På verkstaden vert både sølvet og handverket halde ved like.

Ekte handverk

Akkurat som i naturen kring Voss, er sølvarbeidet prega av motsetningar. Det harde og det vakre. Kontrasten mellom dei grove arbeidsnevane og dei delikate sølvsmykka kunne nesten ikkje vore større.

Frå råvara argentum til eitt av dei om lag 2 500 ulike sølvprodukta som vert laga her på Sylvsmidja, går sølvet gjennom mange hender og metodar for å ende opp som blenkjande bunadsølv. Det heile startar inst i verkstaden på Voss.

– Om me skal støypa må me først laga sjølve modellen. Det er eit nitid arbeid. Ei bolesølje kan bestå av 555 einskilddelar, og kvar einaste del lagast for hand med ein tråd som vriast og bøyast til dei vakraste former. Det er filigranarbeid på høgt nivå, fortel Olav på klingande «vossamaol».

 

På andre sida av verkstaden står det trufaste maskiner som med kraft på opptil 500 tonn pressar ut ulike sølvemne. Ei av maskinene er ein tysk kraftplugg. Sidan 1960 har den sunge den same melodien, og Olav veit akkurat korleis den skal låte når den høgg ut blad til søljene.

Slik vert bunadsølvet til

SAGING: Gullsmed Gry Ukvitne sagar emne til bolesølje. Den består av 555 einskilde delar.

SAGING: Gullsmed Gry Ukvitne sagar emne til bolesølje. Den består av 555 einskilde delar.

MODELL: Det første ein startar med, er å laga ein modell av sølja.

MODELL: Det første ein startar med, er å laga ein modell av sølja.

VOKS: Gummiforma fyllast med voks. Den stivnar raskt og filast etterpå. Eventuelle feil her vil følgje produktet heile vegen. Alt må vere perfekt.

VOKS: Gummiforma fyllast med voks. Den stivnar raskt og filast etterpå. Eventuelle feil her vil følgje produktet heile vegen. Alt må vere perfekt.

VOKSTRE: Når voksavstøypingane er ferdige, blir dei festa til eit tre. Dette treet blir avstøypt i gips.

VOKSTRE: Når voksavstøypingane er ferdige, blir dei festa til eit tre. Dette treet blir avstøypt i gips.

GIPS: Gipsforma blir steikt i ovnen og voksen renn ut. Den blir så erstatta med sølv.

GIPS: Gipsforma blir steikt i ovnen og voksen renn ut. Den blir så erstatta med sølv.

KUTTING: Martin Istad på støyperiet kuttar av dei ferdige sølvstykka. Her held han på med eit heng til Nordlandssølvet.

KUTTING: Martin Istad på støyperiet kuttar av dei ferdige sølvstykka. Her held han på med eit heng til Nordlandssølvet.

PUSSING OG REINGJERING: Alt bunadsølvet må gjennom sliping- og poleringstromlane.

PUSSING OG REINGJERING: Alt bunadsølvet må gjennom sliping- og poleringstromlane.

LODDING: Gullsmed Trond Johansen loddar ei hårspenne.

LODDING: Gullsmed Trond Johansen loddar ei hårspenne.

HEKTING: Ei breikjede består av ei rekke einskilde sølvringar som kvar og ein er festa i kvarandre for hand.

HEKTING: Ei breikjede består av ei rekke einskilde sølvringar som kvar og ein er festa i kvarandre for hand.

KLARGJERING FOR LODDETUNNELEN: Her er stølane ferdig monterte og klare for lodding i loddetunnelen.

KLARGJERING FOR LODDETUNNELEN: Her er stølane ferdig monterte og klare for lodding i loddetunnelen.

Sylvsmidja i støypeskeia

Sylvsmidja vart grunnlagd av Betzy og Leif Johannessen frå Bergen. Då dei opna sin ørvesle butikk i 1940, ana dei lite om at den nokre år seinare skulle bli Noregs største bunadsølvleverandør.

Ein viktig grunn til suksessen er den store jobben som er lagd ned i å samla originalane til Sylvsmidja sin store produktportefølje. Alle produkta er tufta på gamle, lokale handverkstradisjonar, basert på gamalt draktsølv som er teke vare på i distrikta rundt om i heile landet.

Leif og Betzy Johannessen flytta frå Bergen til Voss i 1940 og starta Sylvsmidja.

Leif og Betzy Johannessen flytta frå Bergen til Voss i 1940 og starta Sylvsmidja.

Quote icon
Bunadsølvet og handverkstradisjonen er ein stor del av den norske kulturarven. Den er det er viktig å verne om. Me lagar bunadsølv til 64 bunader og folkedrakter i heile Noreg.
— Olav Honve, produksjonssjef i Sylvsmidja
DET BLENKJER: Bolesølja består av 555 einkilddelar som kvar og ein er handlaga.

DET BLENKJER: Bolesølja består av 555 einkilddelar som kvar og ein er handlaga.

Eit blenkjande stykke norsk kulturarv

Det er fort å gløyme kor vanskeleg det er å lage sølvet når du stressande kler på deg bunaden ein 17. mai eller annan merkedag.


– Det er jo fullt forståeleg at folk ikkje tenkjer på kva slags arbeid som ligg bak. Men dersom ein plukkar produkta frå kvarandre og går ned i detaljane, vil ein sjå kor mykje tid, omtanke og perfeksjon som er lagt ned i kvar einaste del, seier Olav. 
Berre det beste bunadsølvet lever gjennom generasjonar, og bunadsølvet til Sylvsmidja er av beste kvalitet. Det garanterer Olav.


– Me har livstidsgaranti mot produksjonsfeil. Frå den minste sølvknappen på bunadskjorta til den storslåtte sølja på bringa, lagar me ekte norsk bunadsølv på Voss.

Tekst og foto: Brand Studio