Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Hårspennene som reddar bunadshåret

Hårspennene som reddar bunadshåret

Mange av dykk har etterlyst hårpynt som passar til bunaden, og no har dei dyktige sølvsmedane våre stått på og laga fleire flotte hårspenner.

Trendy hårklemmer har prega gatebiletet det siste året, men designmessig lar dei seg kanskje ikkje kombinera med bunaden.

- Med dei nye hårspennene våre, er sjansen stor for at du finn akkurat den som passar, seier Eldrid Eilertsen, salskonsulent i Sylvsmidja. Utgangspunktet er nemleg bunadsølvet til dei ulike bunadene, og dekoren er sjølvsagt laga i sølv, anten oksidert, kvitt, forgylt eller gamalforgylt. Sjølve klemma som sørger for godt feste i håret er laga av rustfritt stål i Frankrike.

Finn hårpynten som passar til bunaden din her.

Frisyre med hårspenne frå Sylvsmidja

 

Hårspenner frå Sylvsmidja