Kva skjuler seg bak Ingridsløyfa?

Ingridsløyfa, pryda med ein sølvbinders, er meir enn berre ein festleg pynt på 17. mai. Ho  ber med seg ei sterk og viktig historie, og me gler oss til å fortelja denne til deg.

Ingridsløyfa – ei meiningsfull festsløyfe

I år er det 80 år sidan frigjeringsdagen. Me heidrar historia, samhaldet og ber arven vidare.

Bindersen som samla Noreg

Under andre verdskrig, då Noreg var under tysk okkupasjon, fekk bindersen ein kraftfull symbolikk.

Den tilsynelatande ubetydelege bindersen, med si enkle oppgåve å “halda saman” noko, vart eit stille, men sterkt uttrykk for fellesskap og motstand. Han vart festa på jakkeslaget som ein skjult protest mot undertrykkinga.

Heilt utan fare var det ikkje. Det var nulltoleranse for alle former for motstand, og dei som vart tekne med binders på jakka risikerte både bøter og fengsel.

Me må snakka om samhald

– Me må snakka om samhald, seier designarane bak Ingridsløyfa, Hanna Høiness og Bjørn Bye. Sidan lanseringa i 2019 har dei hatt eit klart mål: å skapa noko meir enn berre ein festleg pynt.

Ingridsløyfa er ei meiningsfull festsløyfe – eit symbol som minner oss om den norske motstandsrørsla under 2. verdskrig, og ei påminning om det viktigaste med 17. mai: samhald, fridom og demokrati.

Det er kanskje difor ho har rørt det norske folket så sterkt. Sidan lanseringa har Ingridsløyfa funne sin plass nært hjarta – på bunad og andre festplagg over heile landet.

Namnet Ingrid, som kjem frå gammalnorsk og betyr fred, velstand og vakker, uttrykkjer dei same verdiane som sløyfa lyfter fram. Og bodskapen er tidlaus: Fridom, demokrati og samhald er verdiar me må ta vare på – dei kan ikkje takast for gitt.

Lurar du på kva side 17. mai-sløyfa skal festast på?

Sylvsmidja har også mange andre 17. mai-sløyfer med ulike motiv.

Sjå alle sløyfene her