Julegavetips til han
Når jula nærmar seg, byrjar jakta på dei perfekte gåvene til dei vi er glad i. For å gjera valet litt enklare, har me samla våre beste julegåvetips til han som verdset tradisjonar og kvalitet. Overrask han med ei gave som er varig og vil gleda i mange år framover.
17.mai sløyfe
Ei perfekt julegave til han som har alt! 17. mai-sløyfa er ein av våre mest populære gåver. Med vår 2-i-1-sløyfe kan sølvpynten enkelt takast av og brukast åleine, til dømes på dressen eller jakkeslaget. Ei allsidig gave han kan bruka heile året. Eit anna supert gavetips er ei 17. mai-sløyfe som representerer tilhøyrsle.
Sjå alle sløyfene her.
Sølvsmykke frå Sagastad
Sagastad-kolleksjonen er inspirerte av arkeologiske funn frå gravhaugar i Nordfjordeid. Her møter moderne design autentiske vikingmotiv. Kvart smykke ber preg av symbolikk, styrke og identitet og passar perfekt til mannen som set pris på kvalitet og eit tidlaust uttrykk.
Sjå heile kolleksjonen.
Bunadsknappar
Julegavetips til han som ønskjer seg bunad. Knappar kan gis år etter år – til jul, bursdagar eller andre merkedagar, heilt til settet er komplett.
Lurar du på kor mange knappar ein treng? Sjå vår knappeoversikt her.
Mansjettknappar
Mansjettknappar i sølv er eit stilfullt og tidlaust tilbehøyr som løftar både bunaden og dressen. Med detaljerte og gjennomførte design er mansjettknappar eit supert julegavetips til han som set pris på kvalitet og stil.
Lommeur og klokkekjede
Eit klassisk lommeur er ein ekstra staselig gave å få. Saman med ei flott klokkekjede i sølv får både bunaden og dressen eit ekstra løft.
Me har eit breitt utval klokker, frå prisvennlege lommeur i stål til meir eksklusive utgåver i ekte sølv, palladium og sveitsisk kvalitet.
Bunadskniv
Bunadskniven er eit verdifullt minnestykke som kan gå i arv frå generasjon til generasjon. Ei gjæv julegave til mannen som har bunaden på plass. Mange av knivane har graveringsfelt, slik at du kan gjera gåva ekstra personleg.
Me har eit stort utval, sjå våre tips om korleis velja rett bunadskniv.