Kjenner du ei kvinne som set spor?

Kjenner du ei kvinne som bør bli sett, feira og løfta fram? Eller har du sjølv ei historie du ynskjer å dela?

Me leitar etter Sylvsmidja si nye Sporkvinne. Ei kvinne med ei historie som fortener å bli fortalt. Ho kan vera ei som går sin eigen veg, står støtt i livet, inspirerer andre eller set spor i menneska rundt seg.

Den utvalde sporkvinna blir hovudpersonen i Sylvsmidja sin kampanje for smykkekolleksjonen Spor denne hausten.

Tips oss innan 31. august 2026.

Kva betyr det å vera ei Sporkvinne?

Å vera sporkvinne handlar ikkje om å vera modell, men om å bli løfta fram som menneske.

Ho får historia si fortald gjennom foto, film og tekst, og må difor ha lyst til å dela noko av seg sjølv og vera synleg i kampanjen med smykke frå Sylvsmidja.

Praktiske rammer, bruk av foto/film og godtgjersle blir avtalt direkte med den utvalde sporkvinna.

Kven kan vera Sporkvinne? 

Ho kan vera ung eller godt vaksen.
Synleg eller stillferdig. Frå bygd eller by.
Ho kan vera nabo, veninne, syster, kollega eller mor.

Ho kan også vera ei du beundrar på avstand.

Kanskje har ho stått i motstand. Kanskje har ho skapt noko. Kanskje har ho berre ein måte å vera på som inspirerer. 

Kanskje er denne kvinna deg sjølv?

Historia er det som tel

Me vel sporkvinna ut frå ei heilskapsvurdering. Punkta under er ikkje ei sjekkliste der alt må stemma, men viser kva me legg vekt på når me les tipsa som kjem inn.

Me ser etter ei kvinne som på sin måte:

  • har ei historie å fortelja
  • møter verda med varme, styrke og særpreg
  • set spor i menneska rundt seg
  • har ei naturleg utstråling
  • finn kraft, ro eller inspirasjon i naturen

Det viktigaste er som nemnt heilskapen: kven ho er, kva ho ber med seg, og korleis historia hennar kan løftast fram i haustens kampanje.

Slik tipsar du oss 

Send oss ein epost på webpost@sylvsmidja.no der du fortel oss kven ho er, kva slags spor ho set, og kvifor du meiner ho kan vera Sylvsmidja si nye Sporkvinne.

Du kan gjerne leggja ved lenke til SoMe-profilen hennar eller eit naturleg bilete av ho (som du har rett til å dela).

Ho kan som nemnt vera nokon du kjenner, nokon du beundrar på avstand, eller deg sjølv.

Dersom me ynskjer å gå vidare med tipset, tek me kontakt før noko vert offentleggjort. Me publiserer aldri namn, historie eller bilete utan vidare dialog og samtykke frå kvinna det gjeld.

Praktisk info

Frist for å tipsa: 31. august 2026

Den nye sporkvinna blir vald i løpet av august og må kunna setja av tid til ein dag med fototaking i løpet av september. Tid, stad, godtgjersle og andre praktiske rammer blir avtalt direkte med henne.

Sporkvinna blir presentert i samband med haustkampanjen i oktober.

Kjenner du ei kvinne som set spor – eller er ho deg?

Send tipset ditt til webpost@sylvsmidja.no.

Sporkvinna

… er naturleg vakker og balansert. Sterk og motstandsdyktig. Ho ber på kontrastar og erfaringar. Lag på lag av livet.

Ho deler historier om det som har forma henne, og løftar fram det ho bryr seg om. Alltid engasjert. Alltid på veg. Alltid i vekst.

Ho set sine spor.