Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Konfirmasjonsgaver til jente

Konfirmasjonsgaver til jente

Konfirmasjonane i haust er allereie i gong og mange konfirmantar er spente både til dagen og kva dei kan forvente seg av gåver. Investerer du i bunadsølv frå Sylvsmidja gir du ei gåve som varer, og er eit minne for livet. 

Undersøkingar viser at majoriteten av konfirmantane ynskjer seg pengar i gåve. Bognande konvoluttar til konfirmasjonen frå foreldre, besteforeldre og andre på eit fint pynta gåvebord vitnar om nettopp dette.
 

LES OGSÅ: Konfirmasjonsgaver til gut
 

Pengepresset rundt konfirmasjonen er stort. Det er ikkje reint lite pengar konfirmantane får i hendene, og summen er eit heitt tema blant ungdomane.

 

Konfirmasjonsgaver som betyr noko

Pengar kan vera fornuftig å gje, men konfirmanten kan fort bli freista til å bruka dei på ting som i det lange løp betyr fint lite. Samtidig kan det framstå som ei lettvint og upersonleg gåveløysing.

Bruk heller tid, og legg litt meir tanke bak gåva. Finn noko personleg og som kan ha ei større betyding enn ein pengesum.

 

Quote icon
Ei personleg gåve til konfirmanten betyr så mykje meir enn prislappen.


Her er tips til konfirmasjonsgaver frå foreldre, besteforeldre, tantar, onklar og fadrar som varer, og skapar minne for livet.

  • Bunad

Mange jenter får bunaden av foreldre eller besteforeldre til konfirmasjonen. Heile eller delar av bunaden er gjerne arva, og er kanskje den gjævaste gåva ein kan gje.

Riktig oppbevaring av bunadsølv er viktig. Dette etuiet har eit innlegg med antioksideringsmiddel som vil halda bunadsølvet blankt og fint. Det er romsleg og har rikeleg med plass til alt av bunadsølv, frå søljer til sølvbelte og bunadsveske. Ekstra personleg med namneskilt i sølv utanpå.

Fine øredobber som passar til bunaden. Utvalet er stort, nokre er laga til ein spesifikk bunad, andre er meir allsidige og passar til fleire ulike bunader. Fleire av øredobbene er også fine å bruka til andre festlege anledningar.

Sjå heile utvalet av øredobbar her

 

Sølvring er eit fint tilbehør til bunaden. Ringane er regulerbare, og har tradisjonelle utformingar som speglar seg i anna bunadsølv. Medan nokre av ringane er laga til ein spesifikk bunad, er det også eit stort utval som passar til fleire ulike bunader. Finn det som kan passa, og hugs at ringen kan vera fin å bruka sjølv om bunaden ikkje er på.

Sjå heile utvalet av bunadsringar her

 

Lekre sølvsmykke til håret! Nydelege hårpynt som tek utgangspunkt i bunadsølvet til dei ulike bunadene. Pyntar opp håret i ein fei og er vel så fine å bruka utan bunad.
Utvalet finn du her.

 

Beltestølar til sølvbelte er fine å gje som samlegåve, slik at dei er komplette når konfirmanten ein gong vil skaffa seg eit sølvbelte til bunaden. Det vert ekstra personleg å gje ein «namnestøl» eller «Min første støl» som kan graverast med initialar eller dato.

Her finn du alle beltestølane

Komplett belte kan ein bestille gjennom vår beltekalkulator. Her vel du distrikt/bunad og livvidde før du vel dei ulike alternativa på beltespenner og stølar som du ønsker. Undrvegs ser du resultata av dine val og til  slutt får du ei oppsummering av antal og pris på dei ulike delane du treng til beltet.

Her kan du lage ditt eige sølvbelte

 

Ei klokke med kjede som kan festast på bunaden eller hengast rundt halsen som eit smykke er ei minnerik og varig gåve med flott symbolikk. For å gjera det endå meir personleg kan ein gravera initialar på loket.

Sjå alle klokkene og klokkekjedene her

 

Namneskilt i sølv kan syast på innsida av bunad eller cape, og graverast med namn eller initialar.

 

17. mai-sløyfer med sølvnål er tidlause og varige. Dei kan brukast igjen, år etter år, og er ei flott gåve å gje til ein konfirmant. Det er ulike motiv å velja mellom, både nasjonale og meir distriktsrelaterte motiv. Heile utvalet av 17. mai sløyfer finn du her

Veit du forresten på kva side 17. mai sløyfa skal festast?

 

Ingenting passar betre enn ei nydeleg englespenne til konfirmanten! Det er ei borespenne til belte og har ein engel eller Jomfru Maria-figur på midten. På folkemunne er den difor også kjent som jomfruspenne, og vart frå gamalt av, brukt av ugifte jenter.

Praktfulle hengesmykke som Agnus Dei, offerdåse eller bruredalar gir bunaden eit løft. Tradisjonelt vert dei brukt av gifte kvinner, men det er mange som ønskjer å bruka desse praktfulle smykka, sjølv om dei ikkje er gifte. Slik er det også med stabbursnøkkelen og sølvbeltet – drakttilbehør som opphavleg var forbeholdt gifte kvinner, men som i dag er eit vanleg syn blant konfirmantane også.
Breikjede til å henga smykka på rundt halsen kan kjøpast separat.

Ved å bli Sylvsmidja-ven samtykker du til å motta tips og marknadsføring via e-post og sms. Du kan når som helst melde deg av på sylvsmidja.no eller ved å kontakte oss.