Korleis bruka skjerfring til bunad: slik festar du silkeskjerf

Silkeskjerfet har dei siste åra blitt ein stadig meir populær del av bunaden. Med ein skjerfring løfter du uttrykket og gjer det samtidig enklare å festa silkesjalet på ein elegant måte.

Ein skjerfring er ein liten ring i sølv som held silkeskjerfet til bunaden på plass utan å knyta.

Korleis festa silkeskjerf til bunad

Silkeskjerf er ein vakker detalj til bunaden, men mange lurar på korleis det best kan festast rundt halsen. Nokre vel å knyta skjerfet, medan andre brukar ein skjerfring for å få eit meir symmetrisk og stabilt uttrykk.

Med ein skjerfring blir silkeskjerfet enkelt å festa, og det held seg fint på plass gjennom heile dagen utan knyting.

Slik brukar du skjerfring på silkeskjerf til bunad

Mange lurar på korleis ein festar skjerfring på silkeskjerf til bunad. Det er enklare enn mange trur, og tek berre nokre få sekund. Resultatet er overraskande elegant.

Korleis festa skjerfring på silkeskjerf steg for steg:

  1. Brett silkeskjerfet diagonalt til ein trekant. Brett spissen inn mot midten og rull skjerfet til ei smal pølse.
  2. Tre skjerfringen gjennom og plasser den midt på.
  3. Legg skjerfet rundt halsen. Start framme slik at ringen er midt på. Kryss skjerfet bak nakken og før endane fram igjen.
  4. Tre begge endane gjennom skjerfringen, og vips, har du fått sjalet fint på plass utan å knyta.

I videoen viser me steg for steg korleis du enkelt festar silkeskjerfet rundt halsen med skjerfring.

Kvifor mange vel skjerfring til bunad

Ein skjerfring gjer det enklare å festa silkeskjerfet utan kompliserte knutar. Samtidig fungerer ringen som eit lite smykke som harmonerer med resten av sølvet til bunaden.

Mange vil ha skjerfring fordi den er enkel å bruka og held sjalet sikkert på plass rundt halsen gjennom ein lang festdag.

Finn skjerfringen som passar bunaden din

Skjerfringen er som eit lite smykke som saman med silkesjalet løfter heilskapen i bunaden. Sylvsmidja sine skjerfringar i sølv er designa og laga på Voss, basert på det same formspråket til søljer og anna bunadsølv.

Du kan setja ditt eige preg ved å velja fargen du vil ha på steinen.

Tips: Vel ein farge som harmonerer med bunaden din eller som står i kontrast med fargane på sjalet.

Ofte stilte spørsmål om skjerfring til bunad

Kva er ein skjerfring?

Ein skjerfring er ein liten ring som vert brukt til å festa silkeskjerf rundt halsen utan knyting, og sørgjer for at sjalet ligg fint og sikkert på plass.

Skjerfringen fungerer både som praktisk feste og som eit dekorativt bunadssmykke.

 

Korleis brukar ein skjerfring på bunadskjerf?

Brett silkeskjerfet diagonalt til ein trekant, brett spissen inn mot midten og rull skjerfet til ei smal pølse. Tre deretter ringen inn på skjerfet og plasser den midt på. Legg skjerfet rundt halsen med ringen framme, kryss endane bak og før dei fram igjen. Til slutt trer du begge endane gjennom ringen og justerer skjerfet slik du ynskjer.

 

Passar skjerfring til alle bunader?

Ja, silkeskjerf passar til dei fleste dame- og herrebunader, og finst i mange ulike fargar og mønster. Skjerfringen fungerer særs godt når den harmonerer med fargane på sjalet og resten av bunadsølvet.

 

Kan skjerfring brukast på alle silkeskjerf?

Ja, skjerfringar fungerer godt på alle silkeskjerf til bunad og kan brukast til både dame- og herrebunader.

Mange opplever at skjerfringen gjer det enklare å få sjalet til å liggja jamt og symmetrisk.

 

Kvifor bruka skjerfring til bunaden?

Skjerfringen er laga for å festa silkeskjerf til bunaden enkelt rundt halsen, utan kompliserte knutar. Ein skjerfring i sølv harmonerer naturleg med anna bunadsølv og skapar eit heilskapleg uttrykk.

 

Er skjerfring ei fin gåve?

Ja, skjerfring er ei populær gåve til alle som har bunad, spesielt til konfirmantar og andre som ynskjer å gje bunaden sin eit ekstra løft. Den er både praktisk og vakker og kan brukast år etter år.