Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Korleis festa bunadsølv på nordlandsbunad

Korleis festa bunadsølv på nordlandsbunad

Når du har fått på deg nordlandsbunaden er det bunadsølvet som står for tur. Korleis skal alt sølvet eigentleg festast?

Nordlandsbunaden som vart lansert i 1928 av Hålogaland Ungdomslag finst i både grønt og blått og er i stor grad bygd på fri komposisjon. Med sin elegante fasong og flotte fargekombinasjonar har bunaden mang ein gong blitt kåra som Noregs vakraste.

Både stakk og liv er nøye brodert med blomstermotiv - Nydelege nellikblomar med gamalt opphav frå broderi på eit par tøystykke som vart funne i Vefsn. Bunaden går difor også under namnet Vefsnbunad.

Quote icon
Det blenkjande bunadsølvet til nordlandsbunaden tek utgangspunkt i dette broderiet.

Uansett om du har grøn eller blå nordlandsbunad har du valet mellom å bruka kvitt/forgylt eller oksidert bunadsølv.

Du vel rett og slett det du synest er finast!

På skjorta er det vanleg å bruka ei stor sølje øvst og ei mindre sølje nedst.

Begynn gjerne med den øvste slik at du lettare kan berekna avstanden når du skal festa den minste sølja under. Det er fint med litt avstand imellom.

I tillegg treng du mansjettknappar, vestspenner og veskelås, og gjerne sjalfeste og capespenne.

 

Her finn du komplett utval av bunadsølv til nordlandsbunad.

 

Sjå korleis bunadsølv til nordlandsbunad blir festa