Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Kvifor oksiderer sølv? Kan ein unngå dette?

Kvifor oksiderer sølv? Kan ein unngå dette?

- Spørsmål mange lurar på. Nokre trur det kan ha med lufta å gjera, men det er berre delvis riktig. Her får du svaret.

Med tida vil sølv mista glansen og bli utsett for misfarging. Me seier at sølv oksiderer. Dette er ein heilt naturleg prosess, og betyr altså ikkje at det er noko gale med sølvet.

 

Kva er sølv?

Men fyrst, la oss begynna med å forklara kva sølv er. Reint sølv er eit kvitt og veldig mjukt edelmetall. For at bunadsølv og andre sølvvarer ikkje skal bli øydelagde ved bruk, må sølvet difor blandast (legerast) med andre, hardare metall som til dømes kopar. Du har kanskje sett tala 830 eller 925 stempla på sølvsmykka dine?

- Det fortel at smykket består av anten 83% eller 92,5% reint sølv, forklarar Harald Horvei, reparatør i Sylvsmidja. Resten er gjerne kopar.

 

Av små sølvgranulat vert det laga blenkjande bunadsølv i verkstaden på Voss.

 

 

LES OGSÅ: Kvifor er bunadsølv kostbart

 

Sølv + hydrogensulfid = usant

Lufta me pustar inn og vatnet me vaskar oss i, kan innehalda hydrogensulfid frå svovel og svovelforbindingar. Når sølvet kjem i kontakt med dette dannar det seg ein kjemisk reaksjon, og vil med tida “anløpa”. Glansen vil forsvinna og stoffet sølvsulfid vil leggja seg som ei mørk hinne på sølvet.

Sjølv om dette skjer gradvis over tid, opplever nokon at sølvet oksiderer etter ei relativ kort stund.

- Då har nok sølvet på ein eller annan måte blitt eksponert for meir konsentrert mengd svovel, seier Harald. Det kan til dømes vera gjennom hudkrem, parfyme, sminke eller ulike typar matvarer.

 

Kvitt sølv som har oksidert.

 

Kroppen skil også ut hydrogensulfid som kan føra til oksidering

Dei fleste har kanskje opplevd å bli grøn eller svart på fingeren etter å ha brukt ein ring som ikkje er laga av edelt metall, og mange trur dette er kjenneteiknet på at ringen uekte.

- Det stemmer nok ikkje heilt. Dette kan også skje med sølv- og gullringar på grunn av legeringa, seier Harald. Misfarginga kjem av ein kjemisk reaksjon mellom metallet og samansetnaden av ulike syrer frå huda eller i hudkremen du brukar. Dette er sjølvsagt ulik frå person til person, forklarar han.

 

Ulike kjelde som kan forårsaka oksidering på sølvvarer

Som nemnt er det ikkje berre forureiningar i luft og vatn som fører til at sølvet oksiderer og mister glans. Dette kan også førekoma ved kontakt med:

  • Hudkrem
  • Sminke
  • Hårspray
  • Parfyme
  • Handsåpe
  • Klor
  • Saltvatn
  • Matvarer som til dømes egg, kjøt og ulike typar grønsaker
  • Svovel frå kroppen som vert skilt ut gjennom sveitte. Inntak av ulike typar mat og eventuelle medisin vil ha innverknad på dette.
  • Avispapir
  • Gummistrikk. Dette er spesielt fy-fy! Gummistrikk på sølv lagar stygge flekkar som er vanskeleg å få vekk.

 

Kan ein hindra at sølv oksiderer?

Svaret er: nei.

Måten bunadsølvet vert laga på, kan også påverka tida det tek før sølvet vert stygt.

- Her på Sylvsmidja «forseglar» me bunadsølvet for naturleg oksidering slik at det tar lenger tid før sølvet reagerer kjemisk på forureining. Dette skjer ved at me legg eit tynt lag 100% sølv utanpå kvitt og forgylt bunadsølv. Dette vert banka inn i produktet slik at det får ei hardare overflate. Slik held sølvet seg meir glansfullt og toler meir bruk før det vert matt og må pussast blankt igjen, forklarar Harald.

To enkle tiltak du sjølv kan gjera for å bremsa utviklinga:

  1. Vask smykka godt etter bruk
     
  2. Oppbevar dei på riktig måte

    Bunadsølv-skrin frå Sylvsmidja er romsleg og har plass til alt du har av bunadsølv. Innlegget er behandla med anti-oksideringsmiddel slik at sølvet held seg blenkjande lenger. 

- Men dersom sølvet ditt har blitt såpass mørk og misfarga, og du ikkje klarar å få det fint att, kan du levera det inn til ein gullsmed som kan pussa det blankt igjen, forsikrar Harald.

 

Sølv som skal vera oksidert

- Til mange av dei vakre bunadane rundt om i landet er det jo faktisk vanleg med oksidert eller gamalforgylt bunadsølv, seier Harald. Desse lagar me ved å framskynda oksideringsprosessen kjemisk med sølvsulfid. Då legg det seg eit tynt, mørkt lag som framhevar det vakre mønsteret og dekoren på overflata.

- Pussing må til for å halda bunadsølvet blankt. Dei som har oksidert eller gamalforgylt sølv til bunaden slepp billegare unna. Dei treng ikkje pussa så ofte, seier Harald og smiler.

 

LES OGSÅ: Alt om pussing av bunadsølv