Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Lommeur til damer – eit flott tilbehøyr til bunaden

Lommeur til damer – eit flott tilbehøyr til bunaden

Med lommeuret festa til klokkekjede, kan du dresse opp damebunaden med eit nydeleg smykke hengjande rundt halsen. Klokker til bunaden er ikkje berre for menn.

Eksklusiviteten som sveitsiske klokker er kjend for, er også karakteristisk for det avgrensa opplaget av våre lommeur til damer. I familiebedrifta Aerowatch, som held til i ein liten landsby nord for Alpane, råder kvalitet og presisjon. Og nettopp her, hos dei som har laga kvalitetsklokker sidan 1910, vert også lommeura til Sylvsmidja produsert – og no er det damene sin tur.

Lommeur som tilbehøyr til damebunad

Dette klassiske lommeuret i messing passar til damebunaden like godt som lommeur passar til herrebunaden eller kler opp ein dress.

No har Sylvsmidja eit avgrensa utval av desse fine klokkene, og du får berre kjøpt dei i nettbutikken vår. Lommeuret er laga i palladium, eit sofistikert edelmetall, slik som gull og sølv også er. Palladium er motstandsdyktig mot slitasje, blir ikkje matt og oksiderer ikkje i luft ved normal romtemperatur.

Ønskjer du å setje personleg preg på klokka, er det mogleg å gravere inn initialar eller dato.

Lommeur frå Sylvsmidja er staselig tilbehøyr til bunaden, og ikkje berre for menn.

Lommeur frå Sylvsmidja er staselig tilbehøyr til bunaden, og ikkje berre for menn.

Slik festar du lommeur på bunaden

Lommeuret festar du til eit kjede som du heng rundt halsen. Slik kan det enten hengje som eit fritt smykke eller du kan leggje det innom bunaden på livet eller bringeduken. Ein annan måte å feste lommeuret på ein damebunad, er å hekte det i ein knapp på vesten, om du har, og leggje lommeuret i lomma i skjørtet.

Lommeur er mote med røter i fortida, og har auka i popularitet dei seinare åra. Klokkene er også staselege gåver å gi til nokon du er glad i, men vær snar om du ønskjer å glede deg sjølv eller andre med eit nydeleg tilbehøyr til damebunaden. Me har berre eit avgrensa utval av desse lekre lommeura til damer.