Perlearmbånd – ber naturen med deg

Perlearmbånd frå Spor-kolleksjonen kombinerer natursteinar og sølvdetaljar inspirert av spor frå naturen. Kvar variant har si eiga identitet og symbolikk – finn armbåndet som passar akkurat deg. 

Perlearmbåndene har justerbar lengde, noko som gjer dei behagelege og enkle å tilpassa til handleddet. Dei kan brukast åleine for eit reint og enkelt uttrykk, eller kombinerast med andre Spor-armbånd for ein meir leiken stil. I tillegg er det enkelt å festa på charms og anheng for eit personleg preg.

Aquamarin og bergfrua

Armbåndet kombinerer blå aquamarin med ferskvannsperler og sølvelement inspirert av den viljesterke bergfrua. Resultatet er eit feminint, friskt og elegant perlearmbånd som fangar både det mjuke og det sterke i naturen. Aquamarin symboliserer tryggleik, ro og balanse – perfekt for kvinna som ber styrka si med ynde. Armbåndet passar spesielt godt saman med andre armbånd i kvitt sølv.
Kjøp armbåndet her.

Amazonitt og ferskvannsperler

Eit elegant og variert armbånd med amazonitt, ferskvannsperler og sølvkuler. Amazonitt er ein stein som ofte blir knytt til harmoni og heilning, dette vert reflektert i det reine og harmoniske designet. Kombiner armbåndet med perlesmykket i same stil eller fest på charms for eit personleg og leikent preg.

Rosa månestein

Perlearmbåndet med rosa månestein og sølvperler har eit mjukt, feminint uttrykk. Sølvelementa er forma som blad og raslar forsiktig i takt med rørslene dine. Månestein er assosiert med feminitet, intuisjon og mystikk og passar perfekt for deg som likar ein romantisk stil. For eit røffare uttrykk kan du festa på charms i oksidert sølv.

Kjøp armbånd med månestein

Grøn agat

Grøn agat er kjend for å symbolisera harmoni og stabilitet. I dette armbandet spelar blanke og matte steinar på lag med oksidert sølv, noko som gir eit jordnært og balansert uttrykk. Sjå armbåndet her.

Dumortieritt og larvikitt

Det mørkeblå armbåndet kombinerer dumortieritt og larvikitt – to steinar som begge står for styrke, mot og beskyttelse. Dei djupe tonane harmonerer vakkert med det oksiderte sølvet og gir eit sofistikert uttrykk. Bruk armbåndet saman med perlesmykket for ein heilskapleg stil eller miks inn gylne tonar for ein spennande kombinasjon. Sjå armbåndet her.