Pridesløyfe med sølvpynt – limited edition

Juni er Pride-månad, og ei tid for å feira kjærleik, mangfald og retten til å vera seg sjølv. I år har verkstaden laga eit avgrensa antal pridesløyfe med avtakbar sølvpynt, for alle som vil bera regnbogefargane på ein stilrein og varig måte, år etter år.

Pridesløyfe med avtakbar sølvpynt

Sølvpynten kan enkelt takast av og brukast åleine som pin på dressjakke, genser, skjorte eller kjole. Dermed får du fleire bruksmåtar i eitt produkt: ei sløyfe til Pride-markeringar, og eit sølvsmykke du kan bera vidare året rundt.

Har du to-i-ein 17. mai-sløyfe frå før?

Har du allereie ei to-i-ein 17. mai-sløyfe med sølvpynt, kan du kjøpa Pride sløyfeband separat og bruka sølvpynten du har frå før.

Eit lite smykke med stor meining, laga i ekte sølv.

❤️🧡💛💚💙💜