Sagastad: Frå vikingfunn til moderne smykke

Spor frå vikingtida får nytt liv som smykke. Sagastad-kolleksjonen hentar kraft frå skipsgraver, symbol og handverkstradisjonar, og gir dei eit moderne og røft uttrykk for deg som likar smykke med tyngd og karakter.

Smykka er inspirerte av arkeologiske funn frå gravhaugar i Nordfjordeid, og kombinerer moderne design med autentiske vikingmotiv. Kvar smykkeserie tek deg med på ei reise gjennom historia og fortel si unike soge.

Kolleksjonen er heilnorsk, laga på Voss og utvikla i samarbeid med gullsmed Kathrine Berg og Sagastad Vikingsenter.

Bli kjent med dei ulike seriane og dei mektige sogene som har inspirert Sagastad-smykka.

Ingerid

Namnet er inspirert av dronning Ingerid av Stårheim, og designet i denne smykkeserien har sitt opphav i ei sølvperle frå ein gravhaug frå 900-talet på Nordfjordeid.

Grava inneheldt eit brent skip og vakre gjenstandar som tilhøyrde ei mektig kvinne. Ein stav funnen i grava kan tyda på at ho var ei volve, ei spåkvinne tett knytt til ritual, mytologi og dei norrøne gudane.

Audbjørn

Namnet er inspirert av vikingkongen som fall i slaget mot Harald Hårfagre på 860-talet. Designet i serien tek utgangspunkt i eit sverd frå ein gravhaug på Nordfjordeid frå tidleg 900-tal.

Kanskje tilhøyrde det ein av sønene til kongen?

Naglfar

Designet i serien er henta frå naglane i Myklebustskipet og handtaket på staven i ei kvinnegrav frå 900-talet.

Namnet på serien er henta frå norrøn mytologi, der Naglfar er namnet på verdas største vikingskip som skulle segla inn i det store slaget ved verdas ende, Ragnarok.


Naglane på det rekonstruerte Myklebustskipet, det største vikingskipet som ein har funne spor etter i Noreg.

Myklebustmannen

Denne serien viser eit motiv av eit menneskehovud frå eit keltisk bronsekar frå 700-talet. Karet vart truleg røva frå eit irsk kloster av kong Audbjørn, vikingkongen av fjordane, på 800-talet. Faktisk vart leivningane hans funne i dette karet blant Myklebust-funna, noko som viser kor viktig det var, både i livet hans og på reisa til Valhall.

Myklebustskipet

Restane av det brende skipet vart funne i ein gravhaug frå siste halvdel av 800-talet.

Myklebustskipet har fått namn etter garden der funnet vart gjort. Skipet var truleg kring 30 meter langt, og er det største vikingskipet ein har funne spor etter i Noreg.

I åra 2016 til 2019 vart skipet bygd opp att på Nordfjordeid. I dag kan du sjå rekonstruksjonen på Sagastad Vikingsenter.