Slik kan du kombinera Spor-smykke

Set dine eigne spor med ulike kombinasjonar av smykke og anheng frå vår smykkekolleksjon, akkurat slik du likar det best.

Spor er det du ønskjer at det skal vera nettopp fordi du kan kombinera smykka på ulikt vis og etter din smak.

Det kan lett gjerast ved å setje saman anheng på halskjede og armband og å kombinera eit eller fleire Spor-smykke. Her er det berre å la fantasien bestemma og leika seg med dei smykka ein likar best – både smykka og anheng er laga slik at dei fungerer både aleine og saman med kvarandre.

Panserkjede

Eit panserkjede kan brukast aleine eller i kombinasjon med fleire smykke, som til dømes det lekre perlesmykket. 

Panser kjede finst i både kvitt og oksidert sølv. Bruk gjerne fleire panserkjeda samstundes slik at dei flettar seg i kvarandre. Panserkjede kan òg brukast saman med ulike charms.

Sjå alle halskjeder

Perlearmband

Perlearmband med nydelege edelsteinar – kan brukast aleine eller er saman med andre armband. Ønskjer du det vesle ekstra, kan du til dømes henga på anheng av epleknopp, anten i kvitt sølv eller oksidert sølv. Begge knoppane kjem med ei lita gullkule.

Sjå alle armband

Øyrepynt

Øyredobbar er smykke som set prikk over i-en. Dei løftar antrekket og gir deg eit unikt uttrykk.  Øyredobbane i Spor har eit iaugefallande design og passar like godt til fest som i kvardagen. Kombiner store øyredobbar med ein ring i same serie for eit harmonisk uttrykk. 

Sjå all øyrepynt

Kombinasjon av ringar

Ringar kan kombinerast på nye måtar kvar dag. Prøv å miksa oksidert sølv med innspel av gull –for ein røff og elegant stil på same tid.

Sjå alle ringar

Lag på lag

Langt halssmykke med lauv – designa for bruk på ulik vis slik at det passar til ulike utrigningar. Legg halskjede enkelt, dobbelt eller trippelt.

Kombiner med eit panserkjede eller hekt på ulike charms for variasjon. 

Sjå alle smykke