
Slik oppbevarer og vedlikeheld du smykka dine
Sølvsmykke oksiderer og blir mørkare over tid. Ønskjer du å ta vare på smykka dine og ha glede av sølvet ditt lengst mogleg, gjeld det å oppbevara dei riktig.
Oppbevaring av sølvsmykke
Lys og fukt kan også påverka fargen på sølv over tid. Oppbevar sølvsmykke tørt og gjerne i smykkeskrin eller skuffer som ikkje slepp inn lys. Lys kan gjere dei blanke overflatene matte, og spesielt kvitt sølv kan gulna.
Ved å oppbevara sølvsmykke i ein lukka, lufttett pose, bremsar du oksideringa og hindrar at sølvet mister glansen og vert mørkt. Sølv som blir liggjande framme, kan over tid endra farge – det kan bli mørkare, matt eller gulna. For å ta best mogleg vare på smykket ditt, bør det oppbevarast tørt og gjerne i eit smykkeskrin eller ei skuff som skjermer for lys. Slik held det seg fint mykje lenger.
Les også: Ringene som blir vakrere med tida
Vask og smykkepleie av sølvsmykke
Smuss kan også føra til misfarging. Andre faktorar som hudkrem, parfyme, sminke og sveitte kan føra til raskare misfarging av sølvet. Me anbefaler difor å vaska smykke av sølv i ei skål med 1 liter lunka vatn, 1 ts salmiakk og eit par dråper Zalo. Det er alt som skal til for å reinsa vekk smuss, feitt og eksempelvis restar av parfyme slik at smykka blir fine igjen.
Kva er oksidering
Oksidering er ein naturleg prosess som skjer når sølv blir utsett for luft og fukt over tid og det blir danna eit tynt lag av sølvsulfid på overflata. Sjølv om sølv oksiderer, er dette eit overflatefenomen, og sjølve sølvet under oksidasjonslaget er upåverka. Ved å pussa vekk oksideringa får du eit sølvsmykke som er så godt som nytt.
Ta vare på gullsmykke
Gull reagerer ikkje med omgivnadene på same måte som sølv. Likevel kan det samla seg smuss og feitt på overflata, så det er lurt å vaska gullsmykka jamleg for å fjerna det som set seg fast i ringen, øredobben eller smykket.
Ta vare på perle-og steinsmykke
Også perle- og steinsmykke treng litt omtanke. Smykkesteinar kjem i ulike hardleiksgradar, men alle kan få riper eller sprekke dersom dei får eit slag eller treff ei hard overflate. Kjemikaliar frå såpe, parfyme og kremar kan føre til at steinar og perler blir matte og misfarga.
Skal du vaska smykke med perler eller steinar heime, bør du bruka ein lett fuktig, mjuk klut og vaska forsiktig over. Det er viktig å tørka smykka grundig etterpå, sidan smykkesteinar kan trekkja til seg fukt, noko som kan føre til at farge og glans bleiknar.
Slike smykke bør alltid oppbevarast tørt og lufttett. Det er òg lurt å ta dei av før du legg deg, då smykka kan bli utsette for unødig slitasje når ein søv med dei på.