Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Slik ser du om bunadsølvet ditt er ekte

Slik ser du om bunadsølvet ditt er ekte

Korleis veit du at bunadsølvet du kjøper er ekte? Det er ein del kopiar og uekte bunadsølv i marknaden, difor er det lurt å sjekka opp i eit par ting.

- Eg har arva eit gamalt sølvbelte frå oldemor mi. Det høyrer til Hardangerbunaden og er ganske unikt. Cecilie Selsvoll Monsen frå Bergen fortel varmt om sølvbeltet sitt og historia som følgjer med.

Facebookgruppa Bunadsølv har ho delt eit bilde av dette beltet, og ein kan tydeleg sjå bokstavane PD og AC på beltespennet.

- Du kan tru eg er nysgjerrig på kven som fekk laga dette beltet til seg. Det har dessverre ikkje sitt opphav i vår slekt. Oldefar kjøpte det på auksjon i 1898 som bryllaupsgåve til oldemor, fortel Cecilie.

Eit staseleg, gamalt belte med initialane AC og PD på beltespennet.

 

Nydeleg sølvbelte med original list – råskinn trekt med raud ull filt og kanta med sølvtråd. Godt oppbevart i eit nisteskrin frå 1700-talet.

 

Spennande løyndom i arvesølv

Arvesølv er det fleire som har, og ganske ofte får me spørsmål frå folk som er nysgjerrige på kvar i landet sølvet deira er laga og kva bunad dei passar til.

- Det er gjævt med arvesølv, spesielt no når det finst ein del uekte bunadsølv der ute, seier Bente som jobbar på kundesenteret i Sylvsmidja. Tradisjonane arvesølvet representerer, soga dei ber med seg, er jo halve verdien, smiler ho.

Om du studerer sølja di, kan du finna mykje spennande og er nærast som ei skattejakt, seier ho.

 

Quote icon
«Tradisjonane arvesølvet representerer, soga dei ber med seg, er jo halve verdien»
— Bente Elin Lidal i Sylvsmidja

 

 

 

Denne hjartesølja til dømes, har sterke symbol knytt til seg. Kjærleik fyrst og fremst. Ikkje rart det var vanleg å gje den som trulovingsgåve!

 

LES OGSÅ: Kjært barn har mange namn

 

Gullsmedens signatur

Alle varer av edelmetall; sølv, gull og platina skal ha eit finhetsstempel/gehalt. Det seier noko om kor mykje av produktet som er av edelt metall, og vert angjeve i tusendelar.

- For bunadsølv kan det til dømes vera 830 eller 925, og betyr då at 83 eller 92,5% av produktet er reint sølv, medan resten er kopar som er tilsett for å gjera produktet hardare, forklarar Bente.

Stemplingsplikt på sølv går heilt tilbake til 1314 då Kong Håkon V innførte denne for å sikra at finheten var tilsvarande ein engelsk penning.

Frå 1384 skulle gullsmedane i tillegg ha eit unikt «meisterstempel», ein unik signatur med figur eller initialar som skulle identifisera meisteren. Slik er det også den dag i dag.

- Ansvarsmerket vårt som det heiter er ein «J» forma som eit drikkehorn og står for gullsmedmeister Leif Johannessen som grunnla Sylvsmidja i 1940, fortel Bente. Du har livstidsgaranti på produksjonsfeil om du har dette stempelet på sølvet ditt, smiler ho.

 

Sylvsmidja sitt ansvarsmerke, ein «J» for Leif Johannessen, grunnleggjaren av Sylvsmidja.

Bunadsølvet som varer i generasjonar

Om du skal kjøpa nytt bunadsølv er det greitt å vita at det er ekte. For bunadsølv skal vara i generasjonar. En dag vert sølvet ditt det gjæve arvesølvet til barnebarna dine, og til deira barn igjen.

Sjå difor etter ansvarsmerket for å vera sikker. Det kan vera ein figur eller bokstavar bakpå ei sølje. Alle ansvarsmerke i Norge skal registrerast hjå Patentstyret, og her kan du søka og finna oversikt over dei ulike ansvarsmerka frå 1905 til i dag.

 

Tips til korleis du finn informasjon arvesølvet ditt

Beltet til Cecilie er stempla med initialane I R, og alle stølane har også eit bymerke som vart påbode i 1491. Det heiter seg at i tillegg til meistermerket skulle alt sølv merkast med «eit nytt syndeleg stadsteikn med krune på». Bymerket vart ikkje brukt konsekvent, og utsjånaden kunne variera.

Frå 1700-talet bestod bymerket til Bergen av byporten med 7 kuler. Meisterstempelet til Jacob Christian Ravn er IR – I vart ofte brukt i staden for J.

 

Cecilie tok med seg beltet sitt til ein gullsmed i Bergen, og der fekk ho vita at beltet vart laga som eit komplett bestillingsverk av gullsmed Jacob Christian Ravn (1807-1865) i Bergen i 1850. Han gjekk i lære hjå Andreas Blytt i 1822-1828 før han seinare tok borgarskap 25. mai 1835.

- Dette er eit godt tips til andre som ynskjer å finna bakgrunnen til bunadsølvet sitt, seier Bente. Besøk den lokale gullsmeden din. Mange av dei sit inne med mykje fagkunnskap og kan finna fram til interessante informasjon om sølvet ditt.

Besøk også Facebookgruppa Bunadsølv for bunadsølv-interesserte. Her kan du lasta opp bilete av sølvet ditt, og er du heldig kan det vera nokon i gruppa som kjenner det att eller som har sett ansvarsmerket før.

 

LES OGSÅ: Bunaden din fortener det beste sølvet

 

Epilog - Anna C. Pedersdatter

Nysgjerrige på kven beltet til Cecilie kan ha blitt laga til i utgangspunktet, førte oss til eit aldri så lite djupdykk i Digitalarkivet. Utstyrt med ein god porsjon tolmod søkte me innanfor den aktuelle tidsperioden og baserte oss på dei fire initialane AC og PD. Me antok av vedkomande var frå Hordaland og at D’en stod for «datter». Etter eliminasjonsmetoden fekk me eitt treff:

Anna C. Pedersdatter

Dette må sjølvsagt takast med ei klype salt, men om me har funne riktig person så er ho antatt fødd i 1825 og var gift med Lars Endresen, gardbrukar i Finnås prestegjeld (Moster/Bremnes/Bømlo). Saman hadde dei 6 barn: 4 søner og 2 døtrer.

Kanskje er me så heldige at nokon av lesarane våre vil plukka opp tråden vidare? :)