Smykke til herre – frå bunad til dress
Bunadsølv er blenkjande detaljar som gir både herrebunaden og dressen karakter. Det kan vera ein sølvring med initialar eller eit lommeur som blir teke fram på store dagar.
Smykka våre til den staslege mannen gir rom for personlege val.
Nyheit: Bunadsring til herre
Stadig fleire menn brukar ringar som ein del av sin personlege stil. Kvifor ikkje velja ein med litt historie?
Gamle funn har inspirert oss til å gje tradisjonell ornamentikk nytt liv i sølvringar, med eit uttrykk som også høyrer heime i dag.
Dei passar sjølvsagt til bunad og dress, men for dei som likar å gjera litt meir ut av stilen sin, kan ringane like gjerne kle opp kvardagen med jeans og skjorte.
Monogramring
Denne signetringen kombinerer tradisjonell ornamentikk med ei blank overflate som kan graverast med initialar. Kanskje dine eigne, eller til nokon du er glad i? Med gravering får ringen eit heilt personleg uttrykk.
Gjer ringen personleg med gravering
Klokkekjede med personleg preg
Lommeur og klokkekjede gir både bunaden og dressen eit elegant løft. TV-seriar som Peaky Blinders og Downton Abbey har gitt nytt liv til den klassiske herrestilen, der nettopp desse detaljane er ein naturleg del av antrekket.
Nyheit: klokkekjedepynt
Med dei nye klokkekjedepyntane frå Sylvsmidja kan kjeda også bli meir personleg. Pynten kan graverast med initialar og er eit godt gåvetips om du vil gje noko meiningsfylt til ein som har lommeur og klokkekjede frå før.
17.mai sløyfe
Ei 17. mai-sløyfe frå Sylvsmidja set eit høgtideleg preg på antrekket. Våre 2i1-sløyfer kan brukast både med og utan sløyfeband, slik at du enkelt kan variera uttrykket etter høve. Med dei norske fargane er du klar for nasjonaldagen, medan sølvpynten åleine passar fint til dressen ved andre festlege høve. Ein liten detalj som kan brukast og setjast pris på i mange år.
Mansjettknappar
Det er ofte dei små detaljane som løftar heilskapen. Mansjettknappar i sølv kombinerer godt handverk med tradisjon og eleganse. Anten du føretrekkjer eit enkelt uttrykk eller dekorative detaljar, finn du mansjettknappar som passer både til dress og bunad.