Veit du kor smykka dine kjem frå?

Eit smykke kan seia mykje utan ord. Det kan minna deg om nokon du er glad i, ein stad, ein dag, eller berre kjennast heilt rett der og då. Difor betyr det noko å vita at smykket ditt er laga med omtanke for både menneska som står bak og naturen rundt.

Smykkesteinar har òg ei historie

Har du nokon gong lurt på kvar steinane på smykka dine kjem frå og korleis dei vert henta ut? For oss er det heilt avgjerande at steinane i smykka våre kan sporast, både geografisk og etisk.

– Difor har me lagt ned mykje tid i å finna ein leverandør som møter våre krav, seier prosjektleiar Svanhild Strøm.

– Me valt å samarbeida med den tyske leverandøren M.T. Mohr, ein produsent som har høge standardar både for kvalitet og ansvar. Gjennom dei får me tilgang til vakre steinar som er henta ut og behandla rettferdig. Dei er medlem av Fair Trade Minerals & Gems e.V., som arbeider for meir rettferdige forhold i mineral- og edelsteinindustrien. Det betyr at både arbeidarar og omgjevnadar vert tekne vare på.

Les meir om vår berekraftige produksjon

Spor er smykke med meining

Med eit smykke frå Spor-kolleksjonen får du eit vakkert handverk, og støtter samstundes rettferdig handel, ansvarleg produksjon og respekt for både menneske og natur.

Designar Anne-Lise Tollefsen står bak kolleksjonen, der eit moderne uttrykk møter inspirasjon frå norsk natur. I verkstaden vår på Voss vert smykka laga med resirkulert sølv, og med den same presisjonen som i bunadsølvet vårt.

Sjå heile Spor-kolleksjonen

 

Lav øyredobbar

Elegante øyredobbar i 14 karat gull med praktfull Fairtrade prasiolitt. Dei delikate, lysegrøne nyansane står vakkert til den varme gløden frå gullet og skapar eit friskt og sofistikert uttrykk.

Sjå meir her

Fairtrade rosenkvarts og prasiolitt

Rosenkvarts og prasiolitt er begge edelsteinar og ulike variantar av kvartsfamilien. 

Rosenkvarts er lett å kjenna att på den mjuke, rosa fargen som kan variera frå nesten gjennomsiktig lyserosa til ein djupare, mjølkeaktig rosa tone. Steinen vert ofte kalla kjærleikens stein og symboliserer kjærleik, omsorg og harmoni.

Prasiolitt har ein særprega grøn farge, frå sart pastellgrøn til ein meir djup olivengrøn nyanse. Han vert knytt til ro, balanse, vekst og fornying.

Knopp perlekjede

Duse pastelltonar, nøye utvalde edelsteinar og blanke sølvkuler gir dette smykket eit uttrykk som blir lagt merke til.

Kvart stein er unik i form og farge og består av Fairtrade månestein, rosenkvarts, krystall, agat, morganitt, beryll, rosa opal og ferskvannsperler.

Sjå meir her