Bunadsfrisyrer til konfirmasjon og 17. mai

Bunadsølvet og bunaden ligg klar til bruk på konfirmasjonsdagen og 17. mai, men kva med håret? Tradisjonelt eller moderne? Her får du inspirasjon og forslag til tre lekre bunadsfrisyrer du enkelt kan laga sjølv.

 

I det gamle bondesamfunnet var det ikkje berre bunaden som avslørte om jenta var gift eller ugift. Korleis ho hadde håret sitt viste også det - Gifte kvinner dekka håret med skaut medan ugifte gjerne brukte eigne hårband og hovudplagg eller hadde vakre fletter. I dag kan ein tillata seg å ha håret naturleg laust nedover ryggen, og elles følgja moderne frisyrer som kan passa til bunaden.

 

Her kan du sjå vakre hårklyper i sølv.

 

«Bunadsfrisyren skal vera enkel, men samtidig elegant. Og den bør halda heile dagen,» seier Veronica Møen som driv sin eigen frisørsalong på Voss. Her gir ho forslag til konfirmanten på enkle «gjør det selv-frisyrer».

«Bunadsfrisyren skal vera enkel, men samtidig elegant. Og den bør halda heile dagen»

Veronica Møen, frisør på Voss

Leiken og lett hårfrisyre

Hårfrisyre til konfirmasjon og 17. mai

Dette treng du:

- Tynne, minihårstrikk i hårfargen din
- Bunadsklyper til pynt

Slik gjer du:

1. Ta litt hår frå toppen på begge sider, fest med hårstrikk og tvinn hestehalen rundt seg sjølv.
2. Jobb deg nedover og gjenta trinn 1, men ta med hestehalen du nettopp lagde. Fest med hårstrikk og tvinn det heile rundt.
3. Gjenta trinn 2 til du kjem heilt ned. Pynt med bunadsklyper.

 


Enkel flettefrisyre

Hårfrisyre til konfirmasjon og 17. mai

 

Dette treng du:

- Kam
- Tynn hårstrikk
- Bunadsklyper

Slik gjer du:

1. Tupér øvste del av håret på toppen slik at du får litt volum framme.
2. La det vera litt hår igjen på sidene og lag ei pariserflette med resten.
3. Fest med hårstrikk når du kjem halvvegs og pynt med bunadsklyper.

 


Omvendt flette med knute

Hårfrisyre til konfirmasjon og 17. mai

Dette treng du:

- Hårstrikk
- Hair-donut
- Hårnåler
- Bunadsklyper

Slik gjer du:

1. Bøy deg framover og lag ei pariserflette som går oppover.
2. Når du har fletta opp til øvste delen av hovudet, samlar du den saman med resten av håret framme og lagar ein hestehale.
3. Tré hestehalen gjennom ein hair-donut og fordel håret jamt over slik at du dekkjer den.
4. 
Tvinn resten av håret rundt knuten og fest med hårnåler.
5. Pynt med bunadsklyper.

Likte du bunadsklypene? Dei er designa av Noma Norge og laga i sølv av Sylvsmidja på Voss.