Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Bunadsfrisyre på 1-2-3 med hårstrikk i sølv

Bunadsfrisyre på 1-2-3 med hårstrikk i sølv

Med hårstrikk i sølv fiksar du raskt bunadsfrisyren. Sølvpynten heng godt på hårstrikken, samtidig som det er enkelt å skilja desse frå kvarandre.

Oppgjennom dei siste åra har me fått mange førespurnadar om å laga hårstrikk med sølvpynt som passar til bunaden. Utfordringa er at hårstrikk inneheld den største fienden til sølvet: nemleg gummi som kan laga stygge flekkar, og på kort tid gjera sølvet matt og stygt.

Gullsmed Anders Fagerthun forklarar:

- Gummi inneheld svovel, og når sølv kjem i kontakt med det, dannar det seg eit mørkt og hardt belegg som kan vera vanskeleg å få vekk. Dette er ein kjemisk reaksjon og me seier at sølvet oksiderer.

Les også: Kvifor oksiderer sølv? Kan ein unngå dette?

- Men no har me funne løysinga, smiler han.

Saman med andre dyktige fagfolk i verkstaden har han funne ein smart måte å kombinera sølv og strikk.

Sjå alle hårstrikkane her

- Det handlar om ei unik festeanordning som gjer at sølvpynten heng godt på hårstrikken, samtidig som den er enkel å ta av. Og nettopp det å kunna skilja dei frå kvarandre, gjer det mogleg å oppbevara sølvet separat, slik at ein bremser oksideringsprosessen.

- Dessutan forenklar det reingjeringa, som også er essensielt for å halda sølvet blankt over tid, fortel Anders.

Quote icon
Det handlar om ei unik festeanordning som gjer at sølvpynten heng godt på hårstrikken, samtidig som den er enkel å ta av.

Fordelar med hårstrikk i sølv frå Sylvsmidja

  • Du kan sjølv byta strikken ved behov
  • Du kan oppbevara sølvpynten åleina for å beskytta den mot oksidering (strikk og sølv skal ikkje oppbevarast i lag)
  • Du kan enklare reingjera sølvpynten med såpevatn

 

Hårstrikk i sølv til fest og kvardag

- Smart at sjølve strikken kan bytast ut, den har jo ein tendens til å slitna etter kvart, seier Kristiane Norstad frå Bergen, som er hårmodell for Sylvsmidja for anledninga.

Ho plukkar opp og granskar eit par av hårstrikkane i kvitt og forgylt sølv.

- Desse hadde passa til vossabunaden min, utbryt ho.

Gullsmedane våre har latt seg inspirera av vakre søljer og anna bunadsølv til dei ulike bunadene i landet. Utvalet er stort, med over 30 ulike hårstrikkar kan du vera sikker på å finna den som passar til din bunad, uansett om du har oksidert, kvitt, forgylt eller gamalforgylt sølv.

- Dei er jo så utruleg fine, alle saman, seier Kristiane og let seg begeistra når ho farar blikket over bordet med alle dei vakre hårstrikkane.

- Eg kunne tenkt meg fleire av desse for å pimpa opp hestehalen min i kvardagen, smiler ho.