Korleis oppbevara bunadsølv

Det går gjerne ein stund mellom kvar gong du visar fram bunadsølvet ditt, og når store anledningar som 17. mai og konfirmasjonar der bunaden tas fram er over, gjeld det å pakka vekk bunadsølvet på best mogleg måte slik at du unngår oksidering.

Oppbevaring av bunadsølv

På lik linje med at du vaskar bunadskjorta etter bruk, bør du også gå over bunadsølvet før du gøymer det vekk. Då unngår du tæring frå eventuelle flekkar og skit medan det ligg nedpakka. Eit godt råd her er å vaska sølvet med zalo og salmiakk som vil fjerna feitt og smuss på ein enkel måte. Her finn du framgangsmåten og oppskrifta på denne blandinga.

Om du gjer dette før du pakkar vekk sølvet så sparar du deg for arbeidet når det skal fram igjen i lyset. Bunadsølvet vil vera heilt klart til bruk, og neste gong du skal pakka det vekk, vil det kanskje vera nok med å gå lett over med ein pusseklut.

For optimal oppbevaring av bunadsølv er det fire punkt du bør tenkja på:

1. Mørkt
2. Tørt
3. Lufttett
4. Syrefri pose

Bunadsølvet trivst best dersom du tek omsyn til desse punkta når du pakkar det vekk. Lys kan nemleg påverka fargen på sølvet over tid. Dei blanke overflatene kan bli matte, og spesielt kvitt sølv kan gulna.

Fukt og salt kan også føra til misfarging. Vask difor sølvet slik at sveitte og parfyme ikkje får satt sine spor. Skyll godt etter vask så unngår du såperestar, og ver nøye med tørkinga. Bruk gjerne hårfønar til dette.

Ein snakkar gjerne om at sølv oksiderer og blir mørkt ved eksponering i luft, men det er ikkje heilt korrekt. Rein luft eller oksygen fører ikkje til oksidering. Det er dei ulike gassane i lufta som forårsaker denne reaksjonen over tid, deriblant ozon og svovel. Difor er det viktig å oppbevara sølvet så tett som mogleg, og gjerne i syrefrie lynlåsposer som er både luft- og vanntett.

Denne veska sørger for optimal oppbevaring av bunadsølv og har innlegg med ulike lommer som er behandla med antioksideringsmiddel. Oppbevaringsveska er praktisk utforma og kan brukast som reiseskrin når du skal av reisa av gårde med sølv og bunad.

Oppbevar bunadsølvet mørkt, tørt og lufttett. Då trivst bunadsølvet ditt så bra at det held seg blenkjande fint til neste gong du skal ta det i bruk.

NB! Bruk aldri gummistrikk då den inneheld svovel som fører til oksidering og stygge flekkar.

Men hugs, sjølv etter riktig oppbevaring vil bunadsølvet ofte trenga ein grundigare reingjering. Ta det med til den lokale gullsmedbutikken din så får du den hjelpa du treng. Her finn du oversikt over forhandlarane våre.

 

Finn bunadsølv til bunaden din Sylvsmidja