Her er bunadstilbehøret ”alle” vil ha!

Mange set opp håret med tilbehør som ikkje står i stil med bunaden. Visste du at det finst lekre hårpynt til festantrekket?

Nasjonaldagen nærmar seg med stormskritt, og det er på høg tid å gjera klar festantrekket. Prikken over i’en er bunadshårklypene.

Dei praktiske hårklypene finst i fleire storleik og design, og er både vakre i håret og som feste på sjal. 

Sjå utvalet av bunadsklyper i sølv her.

Dei trendy hårklypene er designa av Trine Nilsen, som har jobba som frisør i over 30 år. Trine er mamma til tvillingane Nora og Markus, og ein 17.mai for nokre år tilbake sto hun og venta på å sjå barna sine i barnetoget.

– Eg la merke til at mange hadde satt opp håret med tilbehør som ikkje sto i stil med bunaden. Det gjekk opp for meg at det rett og slett ikkje fanst hårpynt som matcha bunadene, og eg skjønte at her var det ein marknad, fortel ho.

Dermed var prosessen i gong. Trine fann fram skisseblokka allereie dagen etter, og eit halvt år seinare kunne ho visa fram dei første designbeskytta bunadshårklypene til norske gullsmedar. Firmaet fekk namnet NOMA, etter dei to første bokstavane i namnet til barna hennar.

 

Samarbeid med Sylvsmidja

På ei messe kort tid etter kom Trine i kontakt med Sylvsmidja, som var interessert i eit samarbeid.

– Viss du først skal samarbeida med nokon, så er det Sylvsmidja. Dei er dei største og beste i bransjen, og til å stola på, fekk eg høyra. Alle hadde berre positive ting å seia, fortel designaren.  Ho er glad for at ho følgde rådet og valde å samarbeida med Norges leiande tilverkar av bunadsølv.

– Me lagar bunadsklypene i ekte sølv etter NOMAs design. På den måten sikrar me Sylvsmidja-kvalitet på klypene vi sel, og tilbyr livstidsgaranti mot produksjonsfeil, seier marknadssjef i Sylvsmidja, Kristin Myhre. Ho kan fortelja om stor etterspørsel etter hårklypene.

– Klypene er populære blant alle aldersgrupper, alt frå konfirmantar til mødrene og bestemødrene deira. Hårklypene kan gå i arv frå generasjon til generasjon. Det skapar gode minner og er flotte å gje i gåve, meiner marknadssjefen.

Her kan du finna bestseljaren blant klypene, Hedda i den største storleiken.

– Sølvklypa Hedda er vakker til dei aller fleste bunader, den finst i både oksidert og kvitt sølv og passar både til lyse og mørke hårfargar” fortel Kristin Myhre.

– Hårklypene er tilpassa slik at dei matchar dei forskjellige bunadene sitt sølv, men ein kan godt miksa og matcha litt og velja dei klypene ein likar best, synes Trine Nilsen. Med lang erfaring frå frisørfaget er ho opptatt av at klypene sit godt, anten ein har tjukt hår eller finare, typisk nordisk. Det har ho hatt i tankane undervegs i designprosessen.

 

Tips til 17.mai-frisyren

Hårklypene kan enkelt pynta opp både fletter og hestehalar, og gir 17.mai-frisyren eit stilreint, elegant preg, meiner Trine Nilsen. 

– Personleg synes eg det er fint når både make-up og hår er tona litt ned til  bunaden. For dei som har langt, flott hår er det veldig lekkert å tvinna håret litt laust ved øyrene, og festa ei klype på kvar side, tipsar ho.

Eit anna heitt tips er å kombinera hårklypene med ein tradisjonell fiskebeinsflette. Start heilt innerst mot hovudbotn og flett utover i håret. Fest fletta med bunadsklyper, både i luggen og som ein strikk nedst i håret.

Klikk her for å få fleire idear til 17.mai-frisyren.