Unngå stress før 17.mai: Kjøp bunadsølvet no!

Ver tidleg ute, skaff deg ein oversikt over det du treng og få bunadsølvet heim i god tid før konfirmasjonssesong og 17. mai.

Våren er ei herleg tid, men kan ofte bli litt hektisk. Det er høgsesong for konfirmasjonar, og før du aner ordet av det, nærmar plutseleg 17.mai seg med stormskritt. Skjorter skal strykast, sølv skal pussast, og har du eigentleg alt som trengs til dei store feiringane i tida som kjem?

Viss du treng sølv til bunaden din er det trygt å vita at Sylvsmidja er Norges leiande tilverkar av bunadsølv. I over 75 år har me skapt sølv som skal vara i generasjonar, og me er stolte over å kunna forsyna heile Norge med bunadsølv.

Med røter i solide, norske handverkstradisjonar lover me deg sølv av aller ypparste kvalitet. Faktisk er me så trygge på kvaliteten at me tilbyr livstidsgaranti mot produksjonsfeil.

bunadsølv Sylvsmidja

Dersom du ønsker å kjøpa sølv hjå ein gullsmedbutikk, kan du sjå oversikten over forhandlarane våre her.

Du kan også kjøpa bunadsølv på nett. Les meir her!

Du kan til og med betala med Vipps på mobilen, viss du ønsker det. Slik går du fram viss du vil kjøpa bunadsølv med mobilen.

 

Få sølvet heim før konfirmasjonssesong og 17.mai

Me er 65 dyktige tilsette på Voss som står på seint og tidleg for å levera sølv til kundane våre. I vekene fram mot årets konfirmasjonar og nasjonaldag, jobbar me ekstra hardt for at alle skal få det vakre sølvet dei har bestilt, så raskt som mogleg. Me sender ut varene så raskt me berre kan, og viss du bestiller no kan du vera trygg på å få bunadsølvet ditt levert heim til deg i god tid før konfirmasjonsdagen og 17.mai.

 

Finn bunadsølv til bunaden her

 

Les også:

Slik pusser du bunadsølv på 1-2-3

17.mai-sløyfa – på høyre eller venstre side?