Alt du treng å vita om bunadsølv til festdrakt

For deg som har sydd eller planlegg å sy di eiga festdrakt til 17. mai, finst det eit hav av moglegheiter når det kjem til sølv og tilbehøyr. Festdrakta gir deg fridom til å skapa eit personleg uttrykk, og rett sølv kan løfta heile antrekket. Her er det viktigaste du bør tenkja på når du vel bunadsølv til festdrakt.

Bunadsølv til festdrakt er sølvsmykke inspirert av bunadstradisjonen, men utan faste reglar for kva du må bruka.

Festdrakt gir fridom i val av sølv

Å sy festdrakt med gjenbrukstekstilar og eigne kreative løysingar er i vinden som aldri før. Engasjementet rundt gjenbruk, handverk og skaparglede, som mellom anna Jenny Skavlan og resten av gjengen i Fæbrik har vore med på å løfta fram, har inspirert mange til å laga sin eigen variant av festplagget.

Fordi festdrakta ikkje er bunden av faste tradisjonar slik bunaden er, står du friare i valet av bunadsølv.

Du kan velja ei sølje som speglar både stilen i drakta og din eigen smak. Nokre ynskjer eit klassisk og tradisjonelt uttrykk. Andre vel eit meir moderne preg eller ein kombinasjon av begge delar.

Sølja blir ofte smykket som bind heile festdrakta saman og gir antrekket eit ekstra løft.

Korleis velja bunadsølv til festdrakt

Når du skal velja sølv til festdrakt, er det lurt å tenkja på heilskapen.

Start med å sjå på fargane og uttrykket i drakta. Har du valt eit enkelt og dempa uttrykk, kan ei større eller meir dekorert sølje til festdrakt vera eit vakkert blikkfang.

Har drakta mykje mønster, broderi eller sterke fargar, kan det vera fint å velja ei enklare sølje slik at stoffet og detaljane får spela hovudrolla.

Målet er at sølv og tekstil skal spela saman og løfta kvarandre fram.

Vanlege sølvsmykke til festdrakt

Til festdrakt er det vanleg å bruka fleire av dei same elementa som til bunad:

Du treng ikkje alt, vel dei elementa som kjennest riktige for deg og di festdrakt.

Design di eiga sølje til festdrakt

Vil du ha noko heilt spesielt, kan du også designa di eiga sølje som er like unik som festdrakta di.

Du kan velja ei stor og dekorert sølje som blikkfang, eller ei enklare variant dersom festdrakta har mykje mønster eller broderi.

Tips: Det finst søljedelar med steindekor i eit breitt spekter av fargar. Då kan du enkelt finna det som harmonerer med stoff, mønster og broderi i festdrakta.

Design di eiga sølje her

Festdrakt, arv og gjenbruk

For mange handlar festdrakt også om å ta vare på det som finst frå før.

Kanskje har du tekstilar frå ein gammal kjole, eit arva sjal eller stoff frå mor eller bestemor. Slike element kan få nytt liv i ei sjølvsydd festdrakt.

Det same gjeld bunadsølv. Arva søljer, spenner eller øyrepynt kan brukast vidare og gir festdrakta eit ekstra lag av historie og personlegdom.

 

 

Ofte stilte spørsmål om bunadsølv til festrakt

 

Finst det reglar for bunadsølv til festdrakt?

Nei. Til forskjell frå bunaden finst det ingen faste reglar for festdrakt. Det viktigaste er at du kjenner deg vel, stolt og fin. Festdrakta er eit personleg plagg, og sølvet skal understreka nettopp det.
 

Kva bunadsølv passar til festdrakt?

Til festdrakt kan du bruka mykje av det same sølvet som til bunad, til dømes halssølje, brystsølje, maljer, kjede og beltespenne. Sidan festdrakta ikkje er bunden av faste tradisjonar, står du friare til å velja sølv som passar stilen og fargane i drakta.
 

Må ein ha bunadsølv til festdrakt?

Nei, det finst ingen faste reglar. Mange vel likevel ei tradisjonell bunadsølje fordi ho løftar antrekket og gir festdrakta eit tydeleg norsk preg.
 

Kan ein bruka arva bunadsølv til festdrakt?

Ja, arva bunadsølv passar svært godt til festdrakt. Det gir antrekket eit personleg uttrykk og knyter plagget til familiehistorie og tradisjon.
 

Kor mykje sølv bør ein ha til festdrakt?

Det kjem heilt an på uttrykket du ynskjer. Nokre vel berre ei sølje, medan andre kombinerer til dømes sølje, maljer, beltespenne, øyrepynt og ring. Andre brukar også komplett sølvbelte.
 

Kan ein designa si eiga sølje?

Ja, det er mogleg hjå Sylvsmidja. Du kan testa det ut her. Ved å velja form, steinar og andre detaljar kan du skapa eit smykke som passar perfekt til festdrakta di.

Festdrakta rommar både skaparglede og tradisjon. Bunadsølvet løftar uttrykket og gir festplagget eit preg som både fortel ei historie og kan gå i arv gjennom generasjonar. ❤️