Alt om bunadsølv
til rogalandsbunad
Rogalandsbunaden er ein populær bunad i mange vakre variantar. Riktig sølv løftar uttrykket, bind saman fargar og broderi, og set prikken over i-en på bunaden. Her får du oversikt over kva slags bunadsølv du må ha.
Dette treng du av bunadsølv til rogalandsbunad
- 1 Halssølje
- 1 Bringesølje
- 4-5 par maljer
- 1 par Mansjettknappar
- 1 Sjalfeste
- 1 Beltespenne
- 1 Trekkekjede
Sølvbelte er det også mange som brukar.
Ring, øredobber og hårpynt er fine tilbehøyr.
Sylvsmidja lagar tre ulike variantar bunadsølv
Tilbehøyr til rogalandsbunad
Sølvbelte til rogalandsbunad
Sølvbelte står høgt på ønskelista hos mange. Ikkje så rart, kanskje. Det gir bunaden eit eksklusivt og gjennomført uttrykk, og sjølv blant konfirmantane er det mange som ønsker seg dette. Men visste du at frå gamalt av var det berre gifte kvinner som fekk lov å pryda seg med sølvbelte?
Med beltebyggaren vår kan du enkelt setja saman eit komplett belte. Her får du full oversikt over kor mange stølar du treng, kva beltespenne som passar, og kva beltet kostar totalt.
Det mest populære bunadsølvet til Rogalandsbunaden er filigran sølv. Dette sølvet er pryda med pålodda filigrandekor. Du kan velja mellom oksidert eller kvitt sølv. Sjå heile utvalet her.
Det graverte sølvet er kjenneteikna av vakkert inngravert blomedekor. Mønsteret harmonerer perfekt med florabroderiet på rogalandsbunaden. Sjå heile utvalet her.
Det støypte sølvet har ei hamra overflate kombinert med detaljert filigrandekor. Sjå heile utvalet her.
Visste du dette om rogalandsbunaden?
Rogalandsbunaden vart utvikla på 1900-talet, med røter i gamle folkedrakter frå regionen. Grunnlaget vart lagt av Magnus Våge, som reiste rundt i Rogaland og tok vare på dei lokale drakttradisjonane gjennom grundig dokumentasjon.
I 1955 tilrådde ei eiga nemnd å opna for større variasjon i bunaden, basert på dokumentert draktmateriale. Dette la til rette for dei ulike variantane me kjenner i dag. Ein kan velja mellom to typar liv: eit skøyteliv med inspirasjon frå rokokkomoten på 1700-talet, og eit liv som har utgangspunkt i eit bevart liv frå Suldal.
Rogalandsbunaden har òg fleire ulike broderi å velja mellom. Det mest brukte er inspirert av eit sjal frå Løland, brodert rundt 1840.
Jelsa broderi
Bjerkheim broderi