Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Barnesøljer og småsøljer – gåver som varer livet ut

Barnesøljer og småsøljer – gåver som varer livet ut

Det er få ting som er knytt til gode minne og som varar livet ut, som barnesøljer og småsøljer. Ikkje rart dei er populære gåver å gje. Sjå utvalet her.

Bruksverdien er stor: Ei lita sølje fylgjer barnet og kan brukast heile livet, men den sentimentale verdien er vel så høg. Ho symboliserer gode minne. Om den som har gjeve sølja. Om spesielle augneblinkar og anledningar. 

Samtidig, og heldigvis, treng ikkje bunadsølvet liggje i skrinet og vente på høgtidsdagar. Søljer, hårspenner, ringar og øyrepynt kan brukast til kvardags òg – bli gjerne inspirert til nye måtar å bruke bunadsølv på.

Sølv ber med seg lykke og vern mot vonde makter

Sølv frå gamalt av, er knytt til mykje overtru. Det ber med seg lykke og vernar mot vonde makter. Mellom anna var det vanleg å sy sølv inn i klede til spedbarn eller leggja sølvmynt i vogga for at borna ikkje skulle bli tatt av dei underjordiske.

Tradisjonen med å gje sølv som dåpsgåve har tatt over, og det er særs populært å gje bunadsølv til både jenter og gutar.

Dyktige fagfolk i Sylvsmidja har difor laga mange nye barnesøljer og småsøljer. Fine gåver til dåp, namnefest, bursdagar og andre merkedagar.

Barnesøljer er aldri feil

Søljene fylgjer oss i livets små og store anledningar. Ei nydeleg barnesølje kan pynta opp dåpskjolen. Og ingen bunad eller festdrakt er komplett utan ei sølje på bringa. Når barnet er større eller har blitt vaksen, er den fin å bruka som halssølje.

Men – det stoppar ikkje her. Sjølv om ein tradisjonelt assosierer bruken av søljer med bunad, er det ingenting i vegen for å bruka dei til andre plagg. Kvifor ikkje bruka dei som smykke eller brosje på ei skjorte, bluse, ein kjole eller eit jakkeslag?

Vakre smykke fortener å bli brukt meir enn eit par gongar i året.

 

Bunadsølv er ikkje berre sølv

Ei lita sølje er nemleg ikkje berre eit stykke sølv som pyntar opp eit antrekk.

Ho er knytt til kjensler. Kanskje var ho ei gåve frå eit kjært familiemedlem, til ei spesiell anledning som manar fram glede, eller til ei hending som ein ser tilbake på med stoltheit.

Den sentimentale verdien er altså på mange måtar uerstatteleg, spesielt om det er ei sølje ein lét gå i arv frå ein generasjon til den neste. Då handlar det ikkje berre om verdien på sølja, men om minna den representerer og tek vare på, og historiene ein fortel vidare til neste familiemedlem.

Ved å bli Sylvsmidja-ven samtykker du til å motta tips og marknadsføring via e-post og sms. Du kan når som helst melde deg av på sylvsmidja.no eller ved å kontakte oss.