Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Bunaden din fortener det beste sølvet

Bunaden din fortener det beste sølvet

Konfirmasjon, 17. mai og bryllaup: Merkedagar og høgtider står i kø. No skal bunader og sølv fram i lyset, og med det kjem mange spørsmål. Heldigvis er hjelpa nær.

– Folk lurer på alt mogeleg!

Bente Elin Lidal og Karin Fauskanger oppsummerer i kor kva folk spør om når dei tek kontakt med Sylvsmidja.

Dei to kollegaene har over 50 år med erfaring frå verksemda og eit brennande engasjement for bunader og bunadsølv. Kunnskapen dei sit på, er det ikkje mogeleg å lesa seg til. Det er kunnskap som kjem frå lidenskap til faget og mange års røynsle. Med raske fingrar fiskar dei opp blenkjande sølv frå øskjene i «skattkammeret» hos oss. Lageret bugnar av søljer og knappar klare for utsending til festhøgsesongen. I verkstaden produserer me sølv til den store gullmedalje.

Sølvspørsmåla alle lurer på

Eitt av dei mange spørsmåla folk stiller, er kva side bunadsløyfa skal henga på.

– Hjartet er stikkordet her. I følge skikk og bruk skal bunadsløyfa sitja nærast hjartet, kanskje fordi hjartet bankar for flagget, seier Bente Elin og slår seg lett på venstre side av bringa.

Karin fortel at mange spør om det er «lov» å bruka ei gamal arvesølje som ikkje har nøyaktig same mønster som det ein elles har av bunadsølv.

– Dersom ein er så heldig å få arva gamle sølvskattar, må ein berre bruka dei.  

– Kva sølv må ein ha til ein bunad?

– Du må ikkje ha absolutt alt av ringar, øyrepynt og anna tilbehøyr. Men alt som held bunaden på plass, er eit «must». Dette vil variere etter kva bunad ein har, men for damebunaden betyr det oftast knappar, mansjettknappar, halssølje, sølje, malje, maljeband, beltespenner og eventuelt eit sølvbelte. Det same gjeld for herrebunaden, du treng først og fremst sølvet som held bunaden på plass.

 

SJÅ KORLEIS ARBEIDET I VERKSTADEN VÅR FØREGÅR:

(artikkelen fortset under videoen)

Start tidleg og unngå den krympande bunaden

Mange ynskjer tips til gåver, enten det er til konfirmasjon, bryllaup, dåp, gebursdag eller andre merkedagar.

– Vårt beste tips er å starta tidleg med innkjøp av bunadsølv dersom du veit at eit barn ein dag skal få bunad. Ein knapp eller ei sølje er flotte gåver som vil vara livet ut, seier Karin.  

Til dei som allereie er godt utstyrte på bunadsølvfronten, er ei hårspenne, ei klokke, ein kniv eller eit navneskilt til å ha inni jakka eller veska fint tilbehøyr til å supplere bunaden.

– Dersom du veit du skal bruka bunaden, er det lurt å ta den fram i god tid, gjerne to-tre månader før. Du veit, bunaden har ein tendens til å krympa i skapet. Er du tidleg ute får du tid til å enten sy ut bunaden og få fleire stølar i beltet – eller slanka sølvmidja, seier Bente Elin og smiler.

Karin Fauskanger står framfor "skattkammeret" i Sylvsmidja. Her ligg tusenvis av søljer og knappar klare til utsending.

 

 

Kva bunad har du? Velg ditt distrikt og finn ditt sølv her.

 

 

Det er ikkje sølv alt som blenkjer

At bunadsølv er kostbart, er eigentleg ei sanning med modifikasjonar. Det kan alle som har vore på besøk i verkstaden til Sylvsmidja stadfesta:

– Bunadsølv er kostbart på grunn av råvara som er brukt og arbeidet som ligg bak. Dersom ein plukkar produkta frå kvarandre og går ned i detaljane, vil ein sjå kor mykje tid, omtanke og perfeksjon som er lagt ned i kvar einaste del. Bunadsølv er verdt investeringa, slår Bente fast.

I jakta på stadig billegare bunader, har ein marknad for uekte billegsølv også dukka opp.  

– Sjå etter Sylvsmidja sitt ansvarsmerke på sølvet. Det er ein «J» forma som eit drikkehorn og står for Leif Johannessen, grunnleggaren av Sylvsmidja, rådar Bente.

– Me ser dessverre at til og med vårt eige ansvarsmerke vert kopiert. Eit godt tips når du skal kjøpa bunadsølv er å sammenlikne søljer frå fleire produsentar. Kjenn på tyngda, sjå på utføringa, spør kvar den er laga og kjøp sølvet ditt hos ein butikk du stolar på, rådar Karin.

– Til sjuande og sist handlar det om å ta vare på vår eigen kulturarv.

Ansvarsmerket til Sylsmidja, eit drikkehorn forma som ein J, er stempla bak på alle produkta. Dette er eit kvalitetsmerke som gir deg livstidsgaranti mot produksjonsfeil.

Bunadsfrisyren

Lurer du på korleis du skal ordne håret til 17. mai? Til bunad er det flott med romantiske frisyrar og fletter. Under får du ein steg for steg-framgangsmåte med video korleis du lagar eit oppsett med pariserflette.

Slik gjer du:

1. Legg skilja der du måtte ynskje, her er det brukt midtskil. 

2. Start med å flette ei av sidene bakover, inntil hovudet (pariserflette) til du kjem til krunepartiet bak. Flett så vanleg ut. 

3. Legg flettene i kryss og fest dei inntil med fliseklemmer.

4. Kryss flettene fleire gongar over kvarandre. Pass på å brette tuppane inn til slutt, så dei ikkje er synlege. 

5. Pynt med bunadsklyper.

 

LES OGSÅ: Frå edelt metall til blenkjande kulturskatt

 

Tekst og foto: Brand Studio