
Bunadsølv med personleg vri
– Eg elskar fargar og ville at bunadsølvet mitt skulle spegla kven eg er, seier tatovør Jeanette Fjelldahl. Med spesialdesigna sølv har ho gitt bunaden eit nytt og heilt personleg uttrykk.
– Resultatet vart endå betre enn eg drøymde om!
-Jeanette Fjelldahl
Jeanette Fjelldahl, som til dagleg driv eit tatoveringsstudio i Stavanger, har alltid vore oppteken av fargar og korleis ein kan uttrykkja seg kunstnarisk.
– Eg ynskte meg ein tradisjonell bunad, men med nokre justeringar som speglar kreativiteten min og den sterke sansen eg har for fargar, fortel Jeanette, som bestemte seg for å få laga ein heilt ny bunad.


Bunadsølv frå Voss
– Eg er rett og slett kjempefornøgd med resultatet. Alle seier at bunaden og sølvet er heilt nydeleg. Det er så kjekt å sjå at dei mange fargane fungerer så fint saman, seier Jeanette entusiastisk.
– Eg var oppteken av å få inn ulike fargar i bunadsølvet for å gjera bunaden ekstra spesiell, seier Jeanette.
Ho hadde alt funne ein bringeduk med mange ulike fargar på perlene. For å henta opp att nyansane, ville ho gjerne ha tilsvarande fargar i sølvet.
– Det var så kjekt å sjå alle dei ulike steinfargane eg kunne velja mellom, fortel Jeanette.
Design di eiga sølje
Har du lyst til å skreddarsy bunadsølvet ditt du også? Eller kanskje gje vekk ei heilt spesiell gåve du har designa sjølv?
Med få klikk kan du byta ut både steinar, lauv og heng på ei sølje slik at du får ho akkurat slik du ynskjer.
Historie og utvikling hand i hand
Då Jeanette bestemte seg for å få sydd seg ein heilt ny bunad, vart ho kjend med Rigmor Øvregaard ved Bunadhuset i Stavanger.
– Ho er eit unikum med å hjelpa folk å finna «sin» bunad, seier Jeanette.
Rigmor, som snart fyller 80 år og så smått har begynt å trappa ned syinga, har lang erfaring med å kombinera tradisjon og personlege tilpassingar. Ho har òg fordjupa seg i historiske drakter og veit at bunadstradisjonen opphavleg var langt meir variert enn mange kanskje trur i dag.
– Eg prøver alltid å finna balansen mellom bevaring og modernisering. For samtidig som ein kan justera og variera, er det viktig at tradisjonar vert tekne vare på, meiner Rigmor.
Rigmor Øvregaard brenn for å laga bunadar som sit perfekt, både i snitt og stil.
– Ikkje to kroppar er like, og kvar einaste bunad er skreddarsydd den enkelte, seier ho.

Ein heilt unik bunad
På bakgrunn av Jeanette sitt brennande ynskje om mykje bruk av fargar i den nye bunaden sin, forstod den erfarne syerska raskt at løysinga var ein hardangerbunad. Dette sidan han gir stor fridom i val av tilbehøyr og stoff.
– Ein kan absolutt leika seg innanfor eit så tradisjonsrikt plagg som ein bunad, seier Rigmor før ho understrekar:
– Men ein bør framleis halda seg innanfor visse rammer, for elles kan det fort bli litt kaos. Heldigvis finst det mange valmoglegheiter – og slik har det alltid vore.
– Bunad og bunadsølv har alltid vore under utvikling. Så lenge ein nyttar den kunnskapen som finst, kan ein få unike, personlege bunadar utan å mista røtene heilt, forsikrar Rigmor med eit smil.
Sjølvdesigna bunadsølv
Jeanette fortel at ho lenge stod og vurderte ulike steinfargar saman med Rigmor, og at det heile til slutt enda opp i eit fargerikt, men framleis tradisjonstru resultat.
– Det var litt uvant, men Rigmor forsikra meg om at dette ikkje ville bryta med tradisjonen, berre gi bunaden min ei ekstra glød.
Rigmor er samd i at dette var ei god løysing:
– Når ein ynskjer meir farge på bunaden, treng ein ikkje alltid å byta ut alt av band eller stoff. I staden kan ein setja farge på sølvet. Slik vert bunaden personleg, samstundes som han held på identiteten sin, seier ho.
Sylvsmidja har i alle år lagt stor vekt på å fornya seg og tilbyr stadig eit større utval av vakkert tilbehøyr av sølv, som hårpynt, øyrepynt, bunadsvesker og smykke. Mange av produkta vert laga med ulike overflater og er tilgjengelege i mange fargar på steinane.
Skreddarsydd bunadsølv
Det finst mange små grep som kan gje både fargar og personleg preg, utan å bryte med essensen av den norske kulturarven. Kanskje er det nettopp eit par fargerike steinar i sølvet som skal til for at din bunad vert heilt spesiell?
Ved å gjera eigne tilpasningar vert bunadsølvet ekstra meiningsfullt.