Bunadsølv og bryllupstradisjoner
Drøymer du om eit tradisjonelt norsk bryllup?
Bryllup er ei av dei mest høgtidlege og tradisjonsrike feiringane me har. Gjennom generasjonar har sølv symbolisert både vern, status og overgangen til eit nytt livskapittel. Tradisjonar knytt til bryllaup har utvikla seg over tid, men mange av dei gamle skikkane lever framleis den dag i dag. La deg inspirere av desse tradisjonane.

Frå gamalt av var ekteskap ein rettsleg avtale mellom to ætter eller familiar, med både sosiale og økonomiske aspekt. Før paret kunne gifta seg, måtte kvinna si slekt visa fram heimanfylgje – medgift – verdiar kvinna fekk med seg inn i ekteskapet. Dette var ikkje berre ei gåve, men eit viktig symbol på familien sin status og på framtidig tryggleik for den nye hushaldninga.
I tillegg måtte brudgommen gje ei benkegåve til bruda, som var til hennar personlege eige. Gåva skulle visa mannen sin evne til å forsørga kvinna og var gjerne kostbare gjenstandar som smykke og sølv.
Trulovingsgåve
Rosesølja, også kalla skålesølje, var vanleg å gje som trulovingsgåve. Skålene på sølja representerte møydom og reinleik. Antall skåler på sølja var eit uttrykk på kor mykje brudgommen sette pris på bruda si.
Krevjande brudeferd
Brudeferda var den høgtidelege reisa paret tok til kyrkja for å bli vigde. Vegen kunne vera både lang og krevjande, og følget måtte ro, ri eller gå til kyrkja. Undervegs var det ekstra viktig å passa godt på bruda. Ho vart nemleg særleg utsett for underjordiske farar og vonde krefter under brudeferda.
Magisk brudestas
I folketradisjonen hadde sølv magiske og vernande eigenskapar. Søljer, spenner og anna sølv var viktige delar av brudestasen, og dess meir sølv bruda bar, dess meir beskytta var ho mot vonde makter.
Brud frå Hardanger med brudekrune. Foto fra 1904. Nasjonalbiblioteket.
Agnus Dei – eit symbol på vern og overgang
Det gjeve hengesmykket Agnus Dei hadde ei kraft som skulle verna bruda, svangerskapet, mor og barn mot vonde makter. Den var ein del av draktsølvet til bruda og vert difor òg kalla brudedalar. Den symboliserte overgangen frå ugift til gift.
Sølvbelte – eit statussymbol
Tradisjonen tru var det berre gifte kvinner som kunne ha eit vakkert sølvbelte. Det var ein del av brudestasen, og på same måte som med hengesmykket, symboliserte beltet overgangen frå ugift til gift.
Ofte fylgde beltet med garden slik at det var den nye husfrua som flytta inn som skulle få bruka det. Å vera husfrue innebar makt og status. I beltet hang viktige reiskaper og gjenstandar, blant anna stabbursnøkkelen. Bli kjend med stabbursnøkkelen her.
Ønskjer du deg sølvbelte?
Her kan du bestilla eit komplett belte gjennom beltebyggaren, kor du får full oversikt over kor mange stølar du treng. Du kan og samla opp beltestølar litt etter litt.
Brudekruna – frå mellomalderen til i dag
Når brudefølget kom fram til kyrkja, vart brudekruna sett på hovudet til bruda. Brudekruna vart sett på bruda sitt utslåtte hår, som symboliserte møydom. Bryllupsdagen var den siste dagen ho kunne ha håret utslått. Etter at ho var blitt gift, var skikken at ho skulle gå med koneskaut, som markerte hennar nye status som gift kvinne.
Bruken av brudekrune har røter heilt tilbake til mellomalderen og lever vidare den dag i dag som ein del av norske bryllupstradisjoner.
Morgongåve – frå økonomisk vern til minne
Frå gammalt av var skikken at mannen gav ein morgongåve. Verdien var ofte knytt til kor mykje kvinna hadde med seg av medgift. Hovudformålet var å sikra kvinna økonomisk dersom ho skulle bli enkje, eller i tilfelle mannen valde å skilja seg.
I dag er morgongåva eit uttrykk for kjærleik og eit minne om bryllupet. Det er og vanleg at kvinna gir mannen ei morgongåve. Typiske gåver inkluderer personlege smykke, klokker eller andre varige minne.
Ein unik friartradisjon
Frå Sunnmøre vert det fortalt at fedrar til gifteklare jenter tok dei med til kyrkja og kunngjorde dette etter gudstenesta. Jenta kom då til kyrkja med eit lêrbelte rundt livet. På beltet hang det bl.a. kistenøkkel og sysaker, men også ei tom slire. Faren leia jenta opp og ned kyrkjegolvet, i nærleiken av der gutane satt, og kunngjorde at jenta var klar for å gifta seg. Friaren skulle då putta kniven sin oppi den tomme slira, og dermed var trulovinga offisiell.
Kjelde: Folkesagn ved Knut Liestøl, skrive av Peder Fylling
Norsk folketro, Ørnulf Hodne
Har du leita etter ein unik måte å fri på? Bli inspirert av historia og fri med ein vakker bunadskniv.
Kniven – ein følgjesven i kvardagen og ved høgtid
Kniven har vore ein trufast følgjesven heilt sidan jernalderen, både som reiskap og som våpen, og dermed ein naturleg del av kvardagsantrekket.
Dei enklare kvardagsknivane vart brukt til daglege oppgåver, medan dei finare, meir utsmykka knivane vart tekne fram ved spesielle anledningar som bryllup, kyrkjeferder og gjestebod.
Ein rik dekorert kniv var ein naturlig del av antrekket til brudgommen. Denne tradisjonen lever vidare i dag gjennom bunadskniven.
Lurer du på kva kniv skal du velja? Finn bunadskniven som viser kven du er.