Korleis skal stabbursnøkkelen festast til bunaden?
Stabbursnøkkelen, også kalla husfruenøkkel, er eit dekorativt og tradisjonsrikt tilbehøyr som passar til dei fleste bunader og festdrakter. Her viser me deg korleis du festar han.
Slik fester du stabbursnøkkel til bunaden
Stabbursnøkkelen er eit bunadstilbehøyr med ei djupare tyding enn mange kanskje tenkjer over. Bak dei vakre formene ligg det ei historie om tradisjon, ansvar og status.
- Det er mest vanleg å festa stabbursnøkkelen med ei kjede på høgre side av sølvbeltet, men er du venstrehendt, kan du festa han på venstre side.
- Har du ikkje sølvbelte, kan du festa nøkkelen rundt stoffbeltet, dersom du har det.
- Dersom du ikkje har belte i det heile, kan du sy ei sølvhempe på bunaden som du kan tre nøkkelkjeda gjennom.
- Alternativt kan du bera han som eit smykke rundt halsen.
Kjedene har ulik lengd. Du kan velja mellom 40 og 90 cm. Den kortaste kjeda er fin å bruka dersom nøkkelen skal henga på beltet. Skal han berast som smykke rundt halsen, passar den lengste kjeda betre.
Heilt til slutt ei artig historie
...der stabbursnøkkelen spelte ei sentral rolle. Den er henta frå Arbeiderbladet i 1935 og handlar om ein kar som kom til Heddal i Telemark på 1700-talet:
«For omkring 200 år siden kom en gudbrandsdøl ved navn Ole Olsen til Heddal i Telemark. Ole var tømmermann, og på gården Nordre Sem tømret han en stue for enken Helga Sem. Den unge enken fikk den farende tømmermann kjær, og da han skulle reise, la hun sin stabbursnøkkel i nisteskreppen hans.
Da Ole var kommet opp på Meheia, åpnet han skreppen og ville få seg litt mat. Han fant nøkkelen som han straks kjente igjen, og han skjønte også at Helga måtte ha sin hensikt med dette. Han vendte derfor tilbake til gården, og enken tilstod da at det stod til ham om han ville bli mann på gården. De ble gifte og fikk en sønn, Ole Olsen Tinne den yngre.»
Kjelde: Wikipedia, Arbeiderbladet 1935.11.23