Bunadsnøkkel - kva symboliserer han?
Bak nøkkelen ligg ei historie om husfruer, stabbur, ansvar og tillit, og eit symbol som framleis ber meining når livet går inn i nye fasar.
Stabbursnøkkel – eit statussymbol
I det gamle bondesamfunnet var stabburet garden sitt matlager. Her låg korn og mjøl i kister og flesk i salttønner. Røykte og salta kjøtvarer hang frå krokar i taket. På større gardar kunne stabburet vera rikt utsmykka og ha fleire etasjar.
Med så viktige ressursar samla på éin stad, var stabbursdøra ei av få dører i tunet som var låst. Nøkkelen gav tilgang til store verdiar på garden, og tradisjonelt var det husfrua som hadde råderetten.
Frå éin generasjon til den neste vart både nøkkelen og rolla som husfrue førte vidare. Nøkkelknippet i beltet på stakken vart difor eit synleg teikn på tillit, ansvar og status – og på den nye livsfasen husfrua gjekk inn i.
Eit symbol som lever vidare
Dei færraste av oss har stabbur i dag, men nøkkelen lever vidare som eit tradisjonsrikt bunadstilbehøyr.
– Han symboliserer framleis ansvar, sjølvstende og overgangen til nye livsfasar. Det kan vera når ein får sin fyrste bunad som konfirmant eller når ein vert myndig. Seinare i livet kan bunadsnøkkelen markera at ein har flytta for seg sjølv, kjøpt sin fyrste bustad, gifta seg eller fått barn, forklarar Alvhild Bjørke, gullsmed i Sylvsmidja.
Ei gåve med meining
Eldrid Eilertsen ved kundesenteret i Sylvsmidja stadfestar at stabbursnøkkelen har ei vakker symbolkraft og er ei fin gåve til ho som går inn i eit nytt kapittel i livet.
– Det er ei særs meiningsfull gåve å gje, og me ser ofte at bunadsnøkkelen vert gitt av foreldre, besteforeldre, partnar eller svigerfamilie. Men han kan også vera ei gåve ein vel til seg sjølv, fortel Eldrid.
Sylvsmidja lagar bunadsnøklar i ulike utformingar, slik at du kan finna ein som passar til bunaden din. Her viser me deg korleis du festar nøkkelen på bunaden.