Ein ny generasjon 17. mai-sløyfer
Eit nytt 2 i 1-design med motiv inspirert av søljer gjer at du kan bruka dei nye 17. mai-sløyfene heile året.
– Nokon har kanskje sterke meiningar om at 17. mai-sløyfer ikkje kan brukast på bunad, men det er sjølvsagt lov, fortel den svært engasjerte Anders Fagerthun.
Gullsmeden som jobbar med sal og produktutvikling i Sylvsmidja har vore med på å utvikla noko heilt nytt: 17. mai-sløyfer som skil seg frå dei tradisjonelle ved å ha to forskjellige bruksområde.
– To-i-ein-sløyfene kan brukast som ei komplett 17. mai-sløyfe på nasjonaldagen. Ved å ta av bandet kan sølvpynten brukast som pin, til dømes på skjortekragen eller på eit sjal, ved ulike anledningar.
Sjølve pinsen på dei nye sløyfene er tilgjengelege i fire design, og med dei ulike overflatevala er det totalt 15 variantar av 2-i-1 sløyfa.
– Alle designa kjem i forgylt og oksidert overflate. Eit av dei kjem også i gamalforgylt, oksidert/gamalforgylt, kvit og kvit/forgylt. Nokre av pinsane har også graveringsfelt. Her er det mykje å velja i, seier Fagerthun.
Det smarte designet gjev forhåpentlegvis 17. mai-sløyfa lengre levetid og hyppigare bruk.
– Designet gjer det svært enkelt å rensa og vaska sjølve sølv-pinsen, slik at den held seg fin lenge. Endane på det tre-farga 17. mai-bandet er varmekutta. Det hindrar sløyfebandet å frynse. Designet gjer det også mogeleg å bytta sløyfe ved søl eller andre uhell.
LES OGSÅ: Pusse bunadsølv på 1-2-3
Fleire design under planlegging
Utviklinga av dei nye 17. mai-sløyfene er gjort i tett samarbeid med forhandlarar og kundar.
– Denne typen produktutvikling startar gjerne som ein god idé hos oss, men samarbeidet med forhandlarane og sluttbrukarane er viktig. Med all erfaring smelta saman har me eit godt grunnlag for å kunna tilby noko som fell i smak.
Nokre stadar har allereie fått lokale 17. mai-sløyfer med pinsar med motiv av til dømes kommunevåpen og fjell, for eksempel i Nordfjord. Fleire vil kome til. Desse blir selde gjennom lokale forhandlarar.
– Produktutvikling er veldig spennande, og eg er privilegert som får jobbe med dette, seier gullsmed Anders Fagerthun.